Sidemeny+

Førde og Årdal i 1940-1950

Posted on 17. sep 2008 by in Arbeidsliv, Krigsminne

I dag er Førde det største handelssenteret i Sogn og Fjordane, medan Årdal er ein mindre tettstad. Har det alltid vore slik, og korleis var det her på 1940- og 1950-talet?

Plassering i kart

Årdal 1940 – 1950

 

I åra 1940-1950 skjedde det store endringar i Årdal. Den vesle bygda vart på kort tid omdanna til eit industrisamfunn av dei sjeldne, der ikkje berre industrien blømde, men også idrett og kultur. Men korleis starta det heile? Og kvifor akkurat Årdal?

 

Norsk Hydro og Tyin-krafta

 

I 1929 fall børsen i New York, noko som førte til krise i verdsøkonomien. Årdal, med kraftverket i Tyin-faldene vart hardt råka, og i 1939 var aktiviteten så godt som slokna, då det kun var 8 mann i arbeid ved anlegga. Norsk Hydro som eigde Tyin-krafta ville ikkje satse meir åleine, og tilbydde Norsk Aluminium CO eit samarbeid. Etter avslag hadde ikkje Norsk Hydro anna val enn å selje krafta i Tyin-faldene.

 

Tyskarane kjem

 

I 1940 hadde Årdal eit av landets største kraftverk, bygd på eit svært mektig vassfall. Då tyskarane invaderte Noreg, var dei på jakt etter det kostbare metallet aluminium til krigsflya sine. Då dei oppdaga Årdal, vart den vesle bygda nøkkelpunktet i planane deira. Dei ville byggje ein oksydfabrikk for 50 000 tonn og eit aluminiumsverk for 24 000 tonn i året. Forhandlingane gjekk raskt, og i oktober 1941 selde Norsk Hydro Tyin-kraftstasjonen og alt dei eigde i Årdal, til det tyske aluminiumselskapet Nordag. Årdal vart omdanna til den største anleggsplassen i Noreg. Det vart laga tunnelar og vegar, blant anna mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, slik at transporten vart betre organisert. Tyskarane bygde ein bombesikker kraftstasjon inne i fjellet, men frå lufta såg Årdal allereie bomba ut, og vart difor aldri eit mål for engelskmennene. I 1942 var det heile 5000 mann i arbeid ved anlegga, men effektiviteten låg berre på 30-40% av det tyskarane var vande med frå heimlandet. Ein av grunnane til dette var at nordmennene heldt tempoet nede, slik at tyskarane ikkje kunne nytte det eksklusive metallet i krigen.

 

Staten overtar

 

Då krigen var slutt, vart det stor diskusjon om kva Tyin-krafta skulle brukast til. Nokre meinte at ein kunne bruke krafta til ein jernfabrikk, anten i Årdal eller ved Oslofjorden, andre var meir for bilproduksjon, medan nokre meinte at krafta skulle sendast til Austlandet. Dette provoserte årdølene, og stortingsmann Per S. Hjermann kom med utsegna: «Får de aldri nok der i Aust?» Innbyggjarane i Årdal sat i spenning og venta på utfallet av diskusjonen, og etter kvart vart det klart at bygda skulle få eit statleg aluminiumsverk. I januar 1947 vart Årdal Verk A/S etablert, og det var duka for eit heilt nytt industrisamfunn på Vestlandet. Allereie i 1948 var hall A i drift, og hall B kom berre to år etter, noko som førte til at dei kunne produsere 30 000 tonn aluminium kvart år. På Årdalstangen vart den halvferdige oksydfabrikken erstatta av eit råjernverk som vart drive i samarbeid med Christiania Spigerverk frå 1949-1950. Tilflyttarar frå heile landet strøymde til Årdal, og i 1948 var det over 1000 personar i arbeid ved verket. «Sosialdemokratiets utstillingsvindauge» vart Årdal kalla, men arbeidarane fekk likevel ikkje mykje innverknad i styret og råd. Staten eigde 40% av bedrifta, men heldt seg på lang avstand, så styret og administrasjonen fekk difor stor handlefridom. Verket skapte mange arbeidsplassar, og det vart gode skatteinntekter fordi arbeidarane tente relativt godt. Den store bedrifta tok på seg ein del av kommunen sitt arbeid, som til dømes finansiering, regulering, planlegging og bustadreising. Tilflyttarane måtte først bu i tyskarbrakker, men etter kvart vart det skipa eit bustadbyggjelag, og fleire hus vart reiste.

 

Kulturvekst

 

Kulturen og idretten blømde på denne tida. Det vart bygd ungdomshus både på Tangen og i ØvreÅrdal, og i 1947/1948 vart brakker frå Årdal Verk bygd om til Folkets hus. Dette var eit sentralt hus i bygda der folk samla seg til fest og moro. Fleire kor og musikklag vart skipa, og symjebasseng, idrettsplassar og anlegg vart bygde på dugnad. Idrettslaget Jotun vart starta i 1945 ved at Øvre Årdal skilag og fotballaget Jotun slo seg saman. Symjebassenget som vart starta i 1949 fekk i 1952 nytte varmt vatn frå råjernfabrikken, noko som førte til at Årdal seinare hevda seg på nasjonalt nivå, mellom anna på 1970-talet då Annemor Haaheim vart noregsmeister. Skuletilboda utvikla seg i takt med kulturtilboda. Toårig realskule starta i 1943, men det tok ikkje lang tid før den blei utvida til treårig skule. På denne tida vart det også starta lærlingskular på Tangen og i Øvre Årdal. Lærlingtida gjekk over tre år, med totimars kveldsundervisning fem gongar i veka, der arbeidarane på verket underviste.

 

Førde 1940 – 1950

 

Førde har, og har alltid hatt, svært gode jordbrukstilhøve. Dette var eit godt utgangspunkt for å skape ein tettstad, og plasseringa ved fjorden gjorde det endå lettare. Gjennom jordbruket dukka fleire arbeidsplassar opp, og i 1950 var det heile 3056 innbyggjarar i Førde kommune, men berre 278 i sentrum.

 

Arbeid og utdanning

 

På Vie, Øyrane og Bruland låg alt til rette for å dyrke jorda, og det var jordbruksdrift folk levde av. Bøndene hadde lenge produsert eigne meieriprodukt, slakta og spunne ull, men dette var arbeidskrevjande. På 1920-talet vart Førde Ullspinneri og Førde Meieri grunnlagt, og dei fyrste slaktelaga dukka opp. Utviklinga heldt fram, og i 1930 var Førde Sementvarefabrikk med på å få fram industri i den kommande byen. Då krigen braut, ut vart Førde råka, men tyskarane skapte òg vekst. I tidleg etterkrigstid voks infrastruktur og nye bedrifter kom til. Vegen til Florø vart opna i 1945, og året etter kom det ny tunnel på Steinen og veg til Ulltang. Tyskarane etterlet seg tomme brakker, noko blant anna fotograf Dagfinn Reiakvam gjorde seg nytte av. I 1945 etablerte han fotoverksemd i ei slik brakke, og i dag, 63 år seinare, er Reiakvam foto framleis i full drift. I etterkrigstida vart også husstellskulen starta opp, og metallfagskulen i Førde vart overteken av kommunen. Under krigen stengde tyskarane skulen, men sidan 20% av elevane var frå andre fylke, var den viktig for kommuneveksten.

 

Kvifor Førde?

 

Ein annan ting som var viktig for veksten, var Førde si sentrale plassering i fylket. Vegane møttest i Førde, både frå nord og sør, aust og vest. Også plasseringa ved sjøen spelte ei stor rolle. Folk frå Jølster hadde båtar liggjande i Førdefjorden, og hit kom dei for å fiske og handle. Jølstringane kom òg for å sjå på dei store idrettsstemna i Førde. Idrettslaget vart etablert i 1920, og i 1945 vart fotballgruppa registrert i NFF. Det var eit aktivt friidrettsmiljø, og Johan Kristiansen var ein av landets beste på 400-meter. Store idrettsstemne hadde mange tilskodarar og var store folkefestar.

 

Forskjellar og likskapar mellom Årdal og Førde

 

Årdal hadde ei heilt anna utvikling enn Førde. Aluminiumsverket gav mange industriarbeidsplassar, medan folk i Førde levde av jordbruk og mindre bedrifter. Det var tyskarane som starta verket i Årdal, men dei var òg med på å fremje vekst i Førde. Under krigen gjekk det fleire liv tapt, men i det lange løp tente lokalsamfunna på arbeidet tyskarane gjorde. I Årdal var det verket som utførte ein del av kommunen sine oppgåver. Det kom lys i gatene, idrettsarena vart bygd, og helsetilboda vart betra. Førde hadde inga stor bedrift som gav tettstaden slik framgang, og hadde difor ei heil anna utvikling. Årsaka til tilflyttinga i Årdal var dei svært gode tidene, og veksten gav behov for både snikkarar, smedar og andre yrker som var naudsynte. I Førde var vekst i økonomi og tilflytting på eit mykje lågare nivå i denne perioden.

CC BY-NC 4.0 Førde og Årdal i 1940-1950 av Jorunn Simonsen Thingnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stine Voll Aasen, Ingeborg Knapstad, Trine Kongsvik og Jorunn Simonsen Thingnes, 2008
Klassetrinn: VG3, Hafstad vgs.
Kjelder: Internett: Fylkesleiksikonet Bøker: "Kulturhistorisk vegvisar for Førde" "Vestlandes Historie"
Kommune: Førde, Årdal