Sidemeny+

Steinring ved Øvste Snauasetvatnet

Posted on 1. aug 2008 by in Arbeidsliv

Foto: A. M. B. Øyricbn

Frå steinringen ser me mot Jordalsskar og Nonhaugen

Like før ein kjem til Øvste Snauasetvatnet ligg det ein steinring like til venstre for stien, 1133 moh. Han er oppmura med ei til to steinraster. Ringen er ujamn og mest oval på form, 4-5m brei og 6-7m lang. Han ligg i ein liten skråning, terrenget er ujamnt og det er framleis mykje stein inne i ringen. Posisjonen er 32 v 0387636, 6765481 C

Plassering i kart

Kva funksjon hadde steinringane? Me veit lite om kva slike steinringar har vorte brukte til. Ein teori er at dei har vore nytta som offerplass etter god jakt. Kanskje til deling av fangsten, gjerne også med offergåver til gudane. Me finn dei ofte nær fangstanlegg og det kan difor vera naturleg å tenkja seg at dei har vorte brukte i samband med villreinfangsten. Oppe på Langafjellet ligg det eit større anlegg med ei mengd bogastille, stupfangstanlegg med mur og også fleire dyregraver. Denne ringen kan difor ha tilknyting til dette fangstsystemet. Likevel er det eit par ting ein må undra seg over: Kvifor leggja ringen ved Øvste Snauasetvatnet, kvifor ikkje nærare fangstområdet oppe på Langafjellet? Ringen verkar også lite planlagd. Området er ujamnt og ringen er heller tilfeldig laga sett med våre auge. Ring i Sendebotn i Jordalen. Inst inne i Sendebotn i Jordalen ligg det ein stor steinring som er ca 12-14m i diameter. Inne i denne store ringen ligg det ein liten ring med diameter 2 m. Området inni ringen er rydda for stein og plassen er vald slik at ein har utsikt rett mot fangstområdet. Steinane som markerer ringen er sette godt ned i bakken. Samanlikna med ringen i Sendebotn er ringen ved Snauasete nokså primitiv. Ringen ved Øvste Snauasetvatnet har ei svært ujamn form og det verkar som steinane er sette mest tilfeldig oppå kvarandre. Plassen er ujamn og heller ikkje rydda for stein inni. Med våre moderne auge ville vi seia at dette var hastverksarbeid. Men når me veit kva arbeid som vart lagt ned i fangstanlegga rundt i fjella her, så rimar det lite. Difor må forklaringa på at denne ringen er laga slik, vera ei anna. Kanskje har han vorte nytta til noko heilt anna enn ringen i Sendebotn? Kanskje er han frå ein heilt anna tidsperiode? Ein annan offerplass. I bygdebok for Leikanger skriv Per H. Bøthun at ved stølsvegen til Snauasete skulle det liggja ein stor stein som dei skulle ofra til når dei gjekk forbi. Mannen fortalde at då han som liten gut fylgde bestefaren denne vegen, la han alltid ein liten stein oppå denne steinen. Han ville ikkje seia noko større om kvifor han gjorde dette, men ymta om at dei kunne no halda rekning med kor ofte dei for denne vegen. Men når også andre la steinar der, så kunne ikkje dette vera til mykje hjelp, meinte forteljaren. Denne mannen var over 70 år då Bøthun skreiv ned dette rundt 1960, så truleg har denne skikken vore i bruk iallfall fram til rundt 1900. Fresvikvarden. Me kjenner til ein liknande tradisjon frå Varden i Jordalen. Bøthun fortel i bygdeboka at då han første gongen drog til Jordalen sa bestemora: ?No må du hugsa å ofra til varden.? Ho lest som ho sa det i spøk, men eg fekk som ein anelse av at det var alvor bak og, fortel Bøthun. Vidare seier han at det alltid låg småting på varden, ting einkvan hadde ofra. Mest alltid måtte ein kvila der, og då lydde det som oftast frå ein eller annan at ein laut ofra til varden. Denne skikken har halde seg heilt fram til i dag. Inne i holromma i varden kan ein finna koparmyntar, små fine steinar etc. Og spesielt ungar som passerer får beskjed om å ofra til varden for at det skal gå godt på turen. No tykkjer nok dei fleste det er ein artig skikk som ein godt kan halda liv i, men i gamle dagar låg det nok mykje alvor bak.

CC BY-NC 4.0 Steinring ved Øvste Snauasetvatnet av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie B Øyri, 2007
Kjelder: Bygdebok for Leikanger bind 1
Kommune: Fresvik, Snauasete