Hola i Smørbotn.

Hola viser som ein høg sprekk eller opning i bergveggen. Ved inngangen er det tydeleg opplagd mur.
Inst i Smørbotn i Jordalen ligg det eit vatn før ein byrjar oppstigninga til skaret inst inne mot Styvisdalseggi. På nordsida av vatnet oppe i nokre små hamrar, ligg ei lita berghole.
Plassering i kart
Ei hole forma av naturen. Hola har posisjon 32 v 0379034, 6761848. Her, 1318 moh, er det ei naturleg glipe i fjellet. Ved inngangen er det mura opp ein halv meter høg mur, kanskje ein knapp meter lang. Inne deler hola seg i to, ein heller kort gang til høgre, og ein 5-6 m lang gang mot venstre. Innerst er golvet dekka av stein, men den ytterste delen har fint jordgolv. Opningen er smal og ein må også krypa inne i hola. Ved inngangen går ein brei sprekk opp, kanskje kan denne ha vore tildekka viss hola har vore i bruk. Frå hola har ein god utsikt både tvers over dalen og også nedover. Kva har så hola vorte nytta til? Kanskje er det sett opp ein mur i inngangen for å hindre at dyr kom inn her og sette seg fast inne i den trange gangen? Eller kan hola ha blitt nytta i samband med reinsfangsten me veit gjekk føre seg i dette området i eldre tid. Ein knapp halvtimes gange frå hola, oppe i skaret mot Styvisdalseggi ligg ei dyregrav og fleire bogastille. Dei har skotretning nedover dalen, så reinsflokkane har trekt oppover. Frå hola har ein god utsikt over dette området. Kanskje kan dette ha vore ein observasjonspost eller også nytta til overnatting.
-
Hola viser som ein høg sprekk eller opning i bergveggen. Ved inngangen er det tydeleg opplagd mur. Foto: A. M. B. Øyricbn
-
Frå hola har me god utsikt over dalen. Foto: A. M. B. Øyricbn
-
Ytterste delen av hola har flatt jordgolv, lenger inne i den lengste gangen ligg det ein del stein på golvet.
Foto: A. M. B. Øyricbn
-
Gangen til høgre er heller kort. Foto: A. M. B. Øyricbn
-
Dette biletet er teke frå inngangen i hola. Ved den store steinen midt på biletet deler hola seg i to smale gangar.
Foto: A. M. B. Øyricbn
Hola i Smørbotn. av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.