Sidemeny+

Snauasete

Posted on 14. jul 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Snauasete er ein vakker plass.

Snauasete er ein nedlagd støl som ligg vakkert til i eit frodigt område ved Snauasetvatnet

Plassering i kart

Eigedomstilhøve. Eit par bruk i Breilid leigde ei tid Snauasete hjå Dyrdal. Brørne Torkjel Ingebrigtson Stølås (1815-1908) og Johannes Ingebrigtson Stølås (1827-1908) kjøpte Snausete frå Dyrdal. Torkjel budde i Ivarli og Johannes hadde Bjørnetun bruk 3. Rundt 1875 flytte Bjørnetun selet sitt frå Snauasete til Øvstedalen i Jordalen. Bruavoll selde sin del attende til Drægali i Dyrdal. Øvre Breilid (Ivarlid) eig framleis sin del av Snauasete. I stølsregistreringa i 1935 står det at Breili gnr 45 bnr 1-3 stølar på Snauasete. Likeeins har gnr 44 bnr 2 (Bruavoll) eige stølshus her. Me veit at Erikka Oline Botolvsdtr Djupevik (1880-1968) som var gift på Bruavoll støla her, og det gjorde også Ingebjørg Jensdtr Breilid (1898-1986). Ho gifte seg i 1927, så dette var før den tid. Lang veg etter ved. På Snausete var det verken ved eller brenntorv, så dei måtte ned over Dyrdalsbrunene og hogga fjellbjørk og sprake og så bera det oppatt til stølen. Når det blei mykje beist oppe på stølen, så kunne også beiti bli heller dårlege. Steinring Like før ein kjem til øvste Snausetvatnet, kjem ein til ein steinring like ved vegen på venstre side. Ringen er oval, 6-7 m på det lengste og 4-5 m brei. Han har ei enkel steinrast med steinar sette ned i bakken. Dette er truleg den einaste steinringen me kjenner til i våre fjell. I Sendebotn i Aurland kommune finst det fleire slike ringar. Ofring Dei som støla i Handadalen og på Snauasete fylgde same stølsvegen. Per H. Bøthun fortel fylgjande: Ein gammal mann som no er over 70 år (skrive rundt 1950-60) har fortalt meg at ved denne stølsvegen låg det ein stor stein som dei skulle ofra til. Han fortalde at då han som liten gut fylgde bestefaren denne vegen, la han alltid ein liten stein oppå denne store steinen. Han ville ikkje seia noko særleg om kvifor han gjorde det, men ymta om at dei kunne no halda rekning med kor ofte dei gjekk denne vegen. Men når andre også la steinar der, så kunne dette vel ikkje vera til noka hjelp såleis.

CC BY-NC 4.0 Snauasete av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2008
Kjelder: Stølsregistreringa av 1935 Bygdebok for Leikanger bind I Olav Otterhjell: Litt um stølsbruket i Fresvik Gjertrud og Lars Hatlelid
Kommune: Fresvik