Sidemeny+

Skard

Posted on 14. jul 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Inne i furudotten på haugen bak tjørna ligg hyttene til IL Modig.

Skard er vårstølen til gardane på Hovssida i Fresvik. Her har alle gardane frå Øyri til Hatlelid hatt stølsrett. Otterhjell skal også ha støla i Skard i eldre tid. Stølen ligg rundt 600moh så det blir seint bue om våren. Beita er heller dårlege med mykje lyng og furuskog.

Plassering i kart

Denne heimestølen til gardane på Hovssida ligg langt frå bygda og heller ulagleg til med lang veg. Dei fleste andre gardane i Fresvik har heimestøl på Engi, der det både er betre beite og lettare stølsveg. Ein kan difor undra seg over kvifor Hovsgardane har enda med heimestøl heilt oppe i Skar. Ein opphavsgard i Fresvik. Ut frå gransking av dei gamle gardsnamna i Fresvik, trur ein at gardane på austsida av Storelvi har vakse fram frå ein einaste storgard. Hovsgarden har seinare vorte utskild frå denne storgarden. Det har vore ei klar grense mellom Hov og Fresvikgarden, og Hov har vore underlegen både når det gjeld beite og skogteigar. Grensa mellom desse to gardane var elva og så Tretteteig i sør. Men Hov har også skogteigar i Fresvikåsen, og rettar i Jordalen. Desse eigedomstilhøva førde så til at Hov fekk vanskar med å skaffa seg ein god heimestøl. Rett nok har det vore støl i Tunga og seinare Orrahaug, men Skar vart likevel heimestølen til Hovssida, trass i den lange vegen og dei heller dårlege beita. Bruer. For å komma til Skar måtte ein kryssa Storelva. I eldre tid var det nok berre klopper og gangbruer ein hadde, og desse kunne liggja ulike stader alt etter korleis elva var. Hestar og storfe måtte ofte va over elva, medan folk og småfe tok seg over på kloppene eller gangbruene. Nedom Hatleli låg det ei stokkebru, og namnet Bruavoll skulle også tyda på at her har det lege bru over elva frå gammalt av. Ei gammal soge seier at den første brua over elva skulle gå ved Bruavoll. Namnet stokkebru kjem av at det blei lagt to eller fleire stokkar jansides. Stokkane var flathogne oppå og felte godt saman på sidene. I 1863 vart det vedteke at det skulle byggjast to bruer i Fresvik, ei over Tverrelva ved Killingholet og ei ved Hatleli over Storelva. Hermund H. Bjørnetun skulle byggja bruene. Dette er dei første køyre-bruene ein sikkert veit om. Stølsvegen. Den gamle kløvjavegen gjekk oppå elvereina i Hatleli og over elva på Stokkebrua. Denne brua låg noko nord for der brua er i dag, og ein kan framleis sjå restar etter brukjera. Så tok dei seg opp bufarebakken til Breilid og vidare til Åva, opp bakken ved Sandbrekka og fram til Breielva der dei kryssa ved Breielv-va. Kløvjavegen går så opp ein bratt bakke til Breielvhaugen og vidare innover Breielvflatane. Me kjem så til Rotabakken der ein gut ein gong skal ha frose i hel. Litt lenger oppe møter me gangvegen frå Otterhjell, her blir det kalla vegskilet. No går vegen langs Skardselva oppover. Me held fram til Leite som var ein kvileplass på den gamle stølsvegen. No nærmar me oss Skar, me passerer Anfinnholene og kjem til nokre sleipe sva ved vegen, dei blir kalla Oksasva. Vegen går vidare til Mannsverk som er ei lita kneik i vegen. Så kryssar me bilvegen og går opp siste bakken, Skarsbakken, til stølen. Budeiene i Skar gjekk denne vegen morgon og kveld når dei var på stølen. I 1953 kom det bilveg til Skar. Stølsområdet. I dag er Skar eit område der nytt og gammalt møtest. På den gamle selbøen finn me både restar etter gamle stølshus og stølsgjerde og nyare bygningar. Utanfor selbøen er det sett opp mange hytter. Området er no prega av mykje attgroing. Både lauvskog og furu veks godt og breier seg raskt utover. Det same gjeld Skarstjørna som dei seinare åra har vorte stadig mindre. Bygningane. Me veit at i eldre tid hadde Hatleli bruk 1-4 og bruk 1-5, Hov 1-13 og Øyri sel i Skar. I stølsteljinga i 1935 står det at Hatleli gnr 47 bnr 1 og bnr 3 har eigne sel. Gnr 49 bnr 3 (Øybøen), Hov bnr 10 og 11 har også sel på den tida. På sjølve selbøen har i dag Mikael Hov hytte, Kjell Ottar Hov har ny hytte men også ein gammal stølsbygning som er påbygd i seinare tid. Rune Hatleli har sel og fjøs og Hans Dahl Hov har sel. Kvalagarden hadde sel øvst på selbøen, og der er no sett opp ei hytte. Elles viser det spor etter mange tufter og murar.

CC BY-NC 4.0 Skard av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2008
Kjelder: Stadnamngranskinga Bygdebok for Leikanger, bind II Stølsregistreriga av 1935
Kommune: Skard, Fresvik