Merkeleg reirplass
Grå flugesnappar er kjend for å legge reiret sitt på dei merkelegaste stadar. Inne i Jølet ved Nordfjord Folkemuseum har han halde til i mange år, men i år ville han kanskje vise for alle at han var der. Kanskje håpte han og på at traktoren med reiret på, vart køyrt vekk etter kvart som musikken frå Glopperock tiltok i styrke?
Plassering i kart
Reirplass
Driftsansvarleg ved museumet; Nils Åge Kvamme, var ute med traktoren ein dag, og merka at det var ein del strå og mose i den trekanta kilen som kan har hengande på traktoren. Denne kilen legg han under hjulet for at traktoren ikkje skal byrja å trille når han parkerer. Køyreturen tok vel ein time. Under neste køyretur merka han at det rett og slett var eit fuglereir som låg i kilen, og det var 5 egg i reiret. «Då kan du tru eg køyrde forsiktig, så egga ikkje vart knuste», sa han. Kilen med reiret i, fjerna han varsamt frå traktoren og festa det på ein påle og håpte på det beste.
Fuglen tok hintet og varma egga sine til ungane vart klekte ca ei veke seinare.
Merkeleg reirplass av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.