Tunga
Denne stølen ligg 674 moh. Posisjon 32V 0386616, 6771818
Plassering i kart
Tungestølen var geitestøl og han blei brukt om våren før det var bue i Skard. Dette var ein støl for Hovssida, men det er uvisst kor mange bruk som hadde rett her. Det gjekk ei jordskrede forbi stølen før 1850 og han vart difor flytt til Orrahaug, er det notert i stølsregistreringa av 1935. Vegen til stølen går på venstre sida av Tverrelvi opp til Tungevahaug der ein kryssar Bjønnstigelvi og held fram opp Tunga som er ryggen til høgre for Bjønnstigelvi. Det går eit tydeleg hjortetrakk opp ryggen, nokon annan veg er ikkje synleg i dag. Murar etter selet viser framleis godt. Truleg har det vore berre eitt sel her. Det står på ein liten avsats eller utflating i terrenget. Det er mykje stein både der murane er og ovanom, så her har nok vore lett å finna murstein.
Tunga av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.