Tønnefabrikken Hovland og Rakneberg
Langs kysten har det fram gjennom tidene vore stor produksjon av tønner , i stor grad knytt til «sildeeventyret». I Dals fjorden var det fleire fabrikkar.
Plassering i kart
Aksel Hovland starta tønneproduksjon og sildesalting i 1921. I 1927 gjekk han saman med Magnus Rakneberg. I tillegg til slidetønner vart det produsert trantønner. Dette var tønner som har ei blekktønne inni seg. Fabrikken leverte tønner til andre land som Canada, Island Færøyane og Skottland.
Fabrikken hadde ei eiga sag, og saga tømmeret sjølv. Tønnefabrikken fekk mykje å seie for distriktet. Skogeigarane fekk omsett tømmeret sitt, og fekk på den måten meir inntekt av bruket sitt. Dei som trong det fekk også skore tømmer til byggjemateriale til hus og driftsbygningar. Ei tid henta bedrifta ferdige bord frå Austlandet til tønneproduksjonen. Sjølv om dei hadde eigen lastebil, skapte tømmertransporten og utkøyring av gjødsel også inntekter for lastebileigarane i Dale.
Tønneproduksonen gjekk tilbake på slutten av 1950 talet. Dette hadde samanheng med nedgang i sildefisket. Hovland og Rakneberg greidde seg bra likevel fordi dei produserte industritønner til forskjellige smelteverk rundt om i landet. Svein Hovland vart dageleg leiar i 1961, og i 1965 jobba 25 menn på fabrikken og det vart produsert 55000 tønner.
Etterkvart kom det inn anna emballasje som konkurrerte ut tønnene. Firmaet måtte finne andre oppgåver. I lengre tid hadde Hovland og Rakneberg levert kunstgjødsel. Denne handelen heldt fram og i tillegg leverte dei olje frå B, og seinare eigarar.Svein Hovland og kona dreiv også rekneskapsfirma. Tilslutt vart firmaet nedlagt og eit byggjefirma tok over bygningsmassen.
Tønnefabrikken Hovland og Rakneberg av Sigvard Sørebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.