Sidemeny+

Soga bak skulehuset i Sætevika

Posted on 11. jun 2008 by in Skular og barnehagar

Foto: Leif Dalecbn

Skulehuset i Sætevika

Det for lengst nedlagde skulehuset i Sætevika har si spesielle soge. Fram til 1925 var det skulehus i Byrkjeland krins der både Ole Bendiksen Løland og Brita Skeide let borna få del i «nødtørftig kunnskab». Men då den nye Åfjorden skulekrins etter mykje strid og intriger fekk sitt prektige og tilhøvelege skulehus i 1925, vart det i januar det året fatta slikt vedtak:
«Når heradet har betalt ut Birkeland skolehus,som står ledig etter at krinsskipnaden er sett i verk, vil skolestyret råde til at dette huset snarest vert flytta til ein krins som ikkje har skolehus t.d. Kolgrov-Sognnes eller Storaker Krinsar eller um heradet kan finne det best å selge huset.»

Plassering i kart

Torvtak og utedo
Skulen i Birkeland krins vart bygd i 1892. Knut N. Birkeland var formann i byggjenemnda. I fylgje ein branntakst i oktober s.å. bestod skulen på Byrkjeland av eit skulehus på 8,65 m lengde x 6,8 m bredde x høgde 2,5 m, bygd av 3 toms x 4toms plank, bordkledd og panelt skulestova. Taket var tekt med never og jord. Det var tre rom, gang, skulestove og eit kammers til læraren. Skulestova hadde doble vindauge, ein skorstein og to omnar. Av innbu var det 10 pultar, eit kateter, eitt bord og ein sengeplass. Høgda på grunnmuren varierte mellom 30 og 127 cm. 12 meter frå skulehuset stod eit vedhus med utedo. Her var måla 4 m(1) x 2,5 (b) og 3,15 m under mønet. Også skykkja med do hadde torvtak. Samla branntakst var 1.94o kroner.

Lagra i Leirvik
Skulebygget på Byrkjeland vart rive i 1925. Peder H. Akse fekk 300 kroner for å gjere ein forsvarleg jobb. Nerva på taket skulle seljast snarast råd. H. S. Byrkjeland skulle ta seg av det. Kommunestyret kravde at ein bygningskyndig skulle sjå til at så vel riving av huset, merking av tømmeret, og transporten vart utført med den største skjønsemd saa materialene lider mindst mulig. Huset maa flyttes saa snart føreforholdene tillater og i værforhold hvor materialene blir mindst mulig udsat for væte. Materialene lagres paa nederste holdeplassen i Leirvik. Det omstendelege vedtaket var samrøystes. I Leirvik skulle kommunen dessutan ha ein mann til å kontrollere om materialane hadde teke skade. I tilfelle vart det frådrag i utbetalinga. I 1927 vart det så gjort vedtak om at Sognnes krins skulle få skulehus. Birkeland skulehus vart då oppsett i Sætevika og var ferdig til skulestart same året. Erling Wolff frakta materialane til skulebygningen frå haldeplassen i Leirvik til Sætevika for kr. 70,-
Skulehuset frå Byrkjeland står framleis i Sætevika, men det er snart femti år sidan det var i skulens teneste. Nils Sætevik pussa huset opp til kårbustad då han overlet gardsdrifta til yngre krefter. I dag er det i bruk som fritidshus.

Har kommunen betalt for huset?
Birkeland skule vart bygd av oppsitjarane i Birkeland skolekrets. I 1913 vart det avsagt takst over bygningen. Takstbeløpet for skulebygningen som då var kr. 624,- skulle tilfalle oppsitjarane i krinsen. Trass fleire purringar til Hyllestad kommune frå oppsitjarane i krinsen, seinast i 1926 i samband med rivinga av skulen, er det mykje som tyder på at beløpet ikkje er utbetalt. Omrekna til dagens verdi vil beløpet no utgjere ein vesentleg sum.

Skulehuset/kårbustaden i Sætevika er i dag eigd av Leif Dale, Leirvik.

CC BY-NC 4.0 Soga bak skulehuset i Sætevika av Malene Dale er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Malene Dale, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kommune: Sætevika