Sidemeny+

Orrahaug

Posted on 29. jun 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

I gamle dagar var det mindre skog og flott utsikt frå Orrahaug

Gardane på Hov har hatt særskilde geitestølar. Dei låg slik til at dei ikkje kunne nyttast av kyrne. Orrahaug er vårstøl for Hovsgardane og blei teken i bruk etter at det gjekk ei skrede forbi Tungestølen. Dei var difor redde for at husa skulle bli tekne og flytte så bort på Orrahaug.

Plassering i kart

Eitt sel Framleis viser godt murane etter selet som blei oppsett i 1920-30 åra. Men truleg har det også før den tid har vore sel sidan me reknar med at Tungestølen vart fråflytt rundt 1850. Det har vore berre eitt sel her, men det stod også eit lite hus litt oppom selet, kanskje det vart nytta til ysting. Ein støla her oppe fram mot krigen, og selet stod framleis under krigen. Mykje arbeid Det var Hans O Hov, Andreas og Torkel Hov og Mikael Bøthun Hov som bygde det siste selet. Dei bar opp alle materialane. Dette var ein tung jobb i dei bratte bakkane opp lia. Maria P Hov og Lina H Hov var budeier oppe på Orrahaug. Det var vanskeleg om vatn oppe på stølen, så dei måtte ned i det heimste gjelet for å henta vatnet. Bratt og vanskeleg ned, og endå tyngre oppatt med dei fulle vassbøttene. Mykje arbeid og slit, og sikkert mindre av den romantikken vi no knyter til stølslivet.

CC BY-NC 4.0 Orrahaug av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2008
Kjelder: Bygdebok for Leikanger bind I Botolv Hov
Kommune: Fresvik