Øvstedalen i Jordalen.
Jordalen har vore sams støl for dei eldre gardane i Fresvik. Denne fjellstølen er delt i to, Øvstedalen og Nedstedalen som ligg 3-4 km frå kvarandre. I fylgje bygdeboka for Leikanger er det mykje truleg at stølane ikkje er likt gamle. Truleg er Nedstedalen eldst, sjølv om denne stølsgrenda ligg lenger frå Fresvik enn Øvstedalen. Nedstedalen ligg ca 100m lægre enn Øvstedalen, så det vart nok noko tidlegare bue her om våren, og det ville vera ein stor fordel i fôr-knappe år. Truleg har difor Nedstedalen først vorte busett, men etter kvart som stølen fyltest opp, har nokre gardar sett opp sel i Øvstedalen og på den måten utnytta beita betre.
Plassering i kart
Ein vakker støl. Øvstedalen er ein vakker plass. Sela ligg attmed Øvstedalsvatnet og er omgjevne av elvar og bekker og med den breie Vikjadalen mot vest. Det finst ikkje skog i Jordalen no, men i torvmyrane finn ein framleis røter og trestammer som syner at i eit mildare klima har nok skogen vakse godt her. Den tida ein støla måtte ein bruka torv frå myrane til brensel, og dei brukte også å kløvja ved med seg heimefrå så dei hadde til opptenning. Kven støla i Øvstedalen? I Øvstedalen har bruk i Bøtun, Bjørnetun, Holum og Grundeland støl. I stølsregistreringa i 1935 var det skrive at fylgjande gardar har eigne sel i Øvstedalen: Hauglum gnr 36 bnr 2 og bnr 9, Bjørnetun gnr 39 bnr 3-4 og bnr 5, Bøtun, Teigen gnr 40 bnr 8, bnr 10 (Bjørnetun), bnr 18 og bnr 21 og Flæte gnr 42 bnr 3. Til saman skulle dette bli 10 sel. Stølsdrifta tok slutt på 50-talet, men dalen blei framleis brukt til beite for sauer og gjeldkyr. I seinare tid er det sett opp nokre nye sel: Olav A. Bøthun bygde sel i 1979 på selbøen, Jarle Breilid bygde i 1995 sel på høgre sida av vegen like før ein kjem til brua. Ovanfor her ligg også hytta til Vikjafalli. Eivind Breili bygde sel i 1998. Bygningane. Sidan det ikkje vaks skog i Jordalen, var sela i eldre tid steinsel. Framleis står det att eitt av desse i Øvstedalen. I seinare tid bordkledde ein desse sela innvendig, og då vart dei rimeleg bra. Seinare blei sela bygde av tømmer. Den første som bygde seg tømmersel i Jordalen var ein småbrukar som heitte Johannes Bjørnetun. Han bygde selet av plank heime på låven sin, tok det så frå kvarandre att og bar det så på sin eigen rygg til Jordalen. Det blir fortalt at han bar det opp på Rupeskar. Der hadde han ein liten drakjelke som han drog plankane vidare på ned til stølen. Sjølv om selet ikkje var stort, så blei det nok mange turar til Jordalen før han hadde fått med alt. Transport av bygningsmaterialar. Det var mykje arbeid å få materialane ut til Jordalen. På skareføre køyrde dei bord og tømmerstokkar like frå Fresvikåsen til Jordalen over Langafjellet. Men dei køyrde også materialar gjennom Tundalen, opp Bratta og over Rupeskar på sommarstid. Dette var eit slit både for mann og hest. Sjølvsagt kunne dei ikkje bruka vanlege køyrereidskap. I staden la dei ein planke nedst og så la dei bord eller plankar oppå den att og nagla dei fast, laga så eit godt handtak til køyrekaren, og så bar det av garde, 3 mil på den steinete stølsvegen der dei måtte opp på over 1300m før det bar nedover mot stølane. Dette var like tungt for mannen som for hesten, i kvar einaste sving måtte køyrekaren ta i handtaket og lyfta og svinga lasset til side for å komma vidare. Torving. Sidan det ikkje var ved i Jordalen, måtte torv nyttast til brensel. Fjorten dagar før bufaringa reiste karane ut på torving, som regel rundt jonsok. Dei måtte noko ned i myrane for å finna god brenntorv, mosetorvi var ikkje brukbar. Torvi skar dei opp i terningar med torvspaden, kasta dei så opp frå torvholene og skar dei opp i tynne skiver som dei la utover til tørk. No var det viktig at det var godver og god tørke, var veret usikkert kunne det bli ein ekstratur ut før bufaringa for å få torva i hus. Bufaring. Tidleg i juli reiste dei med geiter og kyr til Jordalen. Ein rekna med at ein skulle vera rundt 8 veker på fjellstølen. Sauene var og på sommarbeite i Jordalen. I eldre tid beita dei seg fram Tundalen og så fort ver og snø tillet det, trekte dei over fjellet. Ofte kunne dei bli stogga av snøen i Bratta og beiti i Tundalen kunne bli temmeleg snaugnagne. Seinare tok ein til å jaga sauene over fjellet om våren. I dag har bøndene dyrevogn så både sauer og kyr blir køyrde til fjells. Tidspunktet for bufaringa heimatt kunne variera litt, sjølv om det frå gammalt blei sagt at ein skulle bufara heim 4 veker før Mikkelsmess som er den 29. september. Sauejaget var som regel vel ei veke etterpå. For at dyra i Øvstedalen og Nedstedalen ikkje skulle blanda seg, jaga dei på ulike dagar. Fredag vår og haust skulle folka i Øvstedalen bufara, medan laurdag var bufaredagen til nedstedølene. Avdrott. Avdrotten blei kløvja på hesteryggen heimatt til Fresvik. Men ofte vart det til at kløvjakaren tok ein smørball eller nokre ostar på ryggen sjølv, så ikkje det skulle bli for tungt for hesten. Som regel fylte dei kløvjakassane med ved når dei drog frå Fresvik, det var alltid godt å ha litt småved til å fyra opp under kjelen med i tillegg til torva. Det kunne nok variera noko kor ofte bøndene var i Jordalen, men fleire var ute dit ein tur i veka. Harald Breilid som støla i Jordalen i mange år fortel at ein sommar var han der ute 18 gonger. Bru over elva. Når ein skal bort på selbøen i Øvstedalen, må ein kryssa den strie elva son kjem ned frå Jashaugvatnet. I dag er det ei ny stor bru her, men like nedanfor ligg ei gammal steinbru. For over 100 år sidan vart denne brua teken av flaum om vinteren. Bøndene leigde då ein mann frå Fresvik til å byggja brua oppatt. Mannen var ein dugande murar, og den flotte brua har stått like til eitt av dei siste åra då ho vart øydelagd av mykje vatn og is. Både kjera og dei store steinhellene som var brukt til dekke vart skada. Dette gamle og fine byggverket er no på veg til å gå tapt. Veg til Jordalen. På slutten av 60-talet vart det bygd anleggsveg opp til Jordalen i samband med vasskraftutbyggjinga. Då Fresvik fekk vegsamband i 1976 førde dette til at det blei lettare å vedlikehalda stølshusa, og i dag er det både fleire nye sel og godt vedlikehaldne eldre bygningar i Jordalen. Vegen førde også til at det blei lettare å nytta ut beita. På den tida vart dalen mest berre nytta til sauebeite. I dag er det fellesstøl for kyr nede i Nåsi, og dei gode beita oppover i dalen blir nytta både av sauer og kyr. Transporten av dyra skjer no med dyrevogner, berre sauene blir framleis drivne heim over fjellet om hausten.
Øvstedalen i Jordalen. av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.