Myntfunnet på garden Gjerde i 1865
Våren 1865 vart det funne over 90 utanlandske myntar i Hyllestad, storparten på garden Gjerde. Det var ikkje uvanleg med bytehandel i vikingtida, men truleg vart også reie pengar og edelt metall nytta. Myntfunnet på garden Gjerde kan vere døme på det, og er knytt opp mot kvernsteinhandelen. Det skal vere det største myntfunnet frå vikingtida mellom Rogaland og Møre.
Plassering i kart
Kva seier arkeologane?
Arkeolog Svein H. Gullbekk, Kulturhistorisk
Museum, UiO, uttalar m.a.: Gjerdeskattens
myntsammensetning peker i retning av handel
med kjøpmenn fra sørlige strøk der både tyske
og angelsaksisk mynt var vanlig. I hvilken grad
det var fremmede kjøpmenn som besøkte
Hyllestad eller hyllestadværingar som vendte
hjem med fremmede myntslag er vanskelig å
avgjøre, men det var vel helst det siste. Det er
nærliggende å se handel med lokal kvernstein
som en mulighet for å skaffe sølv på 1000- tallet.
Eldgamle og frå framande land
Gjerdemyntane, mange av dei slitne og
utydelege av elde og bruk, var engelske, danske,
tyske og kufiske (arabisk), og prega i tidsrommet
936- 1051.
I boka Livets steinar reknar Johs. B. Thue opp
dei kjende myntane, 15 typar, til saman 40 stykker. Dei andre
var -saa forslidte at de ei lod sig bestemme, heiter
det i protokollen til Videnskaps-Selskabet i 1865.
Gjerdemyntane var så spesielle at dei alt i 1865
vart avbilda på fotografiske plater. Meir om
Gjerdefunnet i artikkel av Svein H. Gullbekk
Samanheng med segna frå Rønsetholmen?
Kanskje også segna om skatten på Rønsetholmen stammar frå kvernsteinproduksjonen. Denne skatten kan finnast slik: Frå restane av ein mur på holmen, eller ein spesiell stein, skal du ta eit hink og eit hank, eit spring og eit sprang, og så eit ulvebyks. Sokneprest Thor Åberg (1921-29) har endå til nemnt segna i Kallsboka, og at en kjendt mand i Hyllestad kom i 1850-årene i besiddelse af rigdom, men ingen visste hvorledes.
Men kanskje skatten på Rønsetholmen ligg der enno?
- myntfunnet i 1865
Myntfunnet på garden Gjerde i 1865 av Malene Dale er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.