Sidemeny+

Makrellfiske i Åfjorden

Posted on 6. jun 2008 by in Arbeidsliv

Foto: Håkon andrecbn

Her er den eine nota som vi har, men den er berre ein av 7 . og i denne nota er det om lag 1,5 tonn

Det er vår, og det byrjar å krible i blodet til fiskaren. No skal ikkje makrellen vere langt unna. Nota er komen i båten, og kvar kveld og morgon går han ut på høgste haugen for å sjå om han får auge på dei første strelingane i sjøflata. Han veit godt om dei beste kastevikane og vågane. Spenninga stig dag for dag.

Plassering i kart

Makrellen kjem
Vi starta like før 17. mai med og sjå etter makrell. Først vart ei not gjort klar, og ikkje så mange dagane seinare stod 8 nøter i sjøen med fangst.
Kasteplassane var på Myklebustneset, gamle Hyllestad, Sørefjorden, Hatlem, Smille neset og ved fyret i Smilla. Til saman har dette vorte nokre tonn, så
det er veldig kjekt å drive med dette.

Topp spenning
Det er både ein opplevelse og lærerikt få vere med på noko slikt, og vi har halde på ei stund med dette fisket no.m. Vi hadde aldri trudd at makrellen kunne vere her så lenge, og no godt uti juni er han her framleis. Vi har endå mykje makrell som står i land- nøtene, og so har vi ein del i merder og.

Kjekke notakarar
Dei som har vore med på denne kjekke opplevinga, er Tommy som starta det heile, Frank og Raymond, brørne hans, Arvid, Håkon André og litt var også Kent Rune med. Det var verkeleg mykje makrell å få, og det var ein lærerik opplevelse på alle måtar.

Båtar på rekker rad
Vi hadde 3 båtar med motor og to båter utan motor, og dei båtane sette vi på sjøen og brukte dei til å ha nøtene oppi.
Det var litt tungvint å slepe på båtane heile tida, men det går.
Den eine båten heiter Leknesund,og den siste utan motor, kallar vi Taskeladden.

Men ikkje alle er like blide!
Men det er ikkje lett å drive med makrellfisket fordi at fleire ikkje likar at vi gjer gode fangstar. Dei kan nekte oss å sitje på land for å sjå etter om stimane kjem, og det har jamvel hendt at nota har blitt skoren sund med kniv. Nokre stader hender det at dei fiskar i merdane våre eller forsyner seg av fangsten vår. Sjølvsagt tykkjer vi slikt er ille.
No den 8 juli har det også vert nokon og øydelagt for oss, dei hadfde løyst eine penta slik att nota rak i hop og da komm masse av makrellen heilt oppi land og rotna i den varme sola. Og det vart vi politianmelde for at det luktar ille. Vi lurer på kva folk tenker på når dei gjer slikt, for det er ille at folk altid skal øydelegge for oss, det er veldig trist. Vi vill ha nøtene ståande i ro.

Er det nokon som veit noko so ring 90981541. so vill vi veldig hjerne vete noko meir.

Men vi veit at det er ein oransj Askeladd som driv på med nøtene våre!!

CC BY-NC 4.0 Makrellfiske i Åfjorden av Håkon André Hatlem er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon André Hatlem, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kommune: Åfjorden