Sidemeny+

Løyner nordste Sandvatnet eit britisk Mustang fly?

Posted on 6. jun 2008 by in Historie

Foto: Jannicke Solheimcbn

Ein stad i dette vatnet, ligg flyet og soldatane som var ombord.

«Den 7.april 1945 var ein vakker vårdag, og inst i Vadheimsfjorden hadde fire tyske fartøy ankra opp. Eit alliert speidarfly oppdaga båtane, og frå basar i Storbritannia vart 21 Beaufighter jagarbombefly, eskortert av Mustang jagarfly, sende mot Vadheim. Ut på ettermiddagen startar angrepet og ein av båtane vert treft av fleire rakettar, og forliser. På Herdla går alarmen, og tyske jagarfly frå 9. Staffel går på vengene. Fire Mustang-fly ligg som sikring i ytre deler av Sognefjorden, og klokka 16.40 oppstår det over området Hyllestad-Lavikdal ein luftkamp mellom allierte Mustang og tyske Focke Wulf jagarfly.»

Plassering i kart

Fly i brann
Haakon Solaas (f.1936), var augevitne til kampane 7.april 1945. Flya kom frå Guddalen over Slettheia, mot Alefjell. Lukris og Anton Solaas stod ved flaggstonga saman med sonen Haakon, og såg to fly kome mot Alefjell. Det fyrste flyet var i brann og svart røyk stod etter det. Det tapte høgde, forsvann bak ein skogås og kom ikkje fram att ved Alefjell.

Elv full av olje
Borgny Gallefoss frå nabogarden Åsegjerdet, var oppe i utmarka og sanka lyng til fôr. Ho var noko høgre i terrenget, og såg at flyet plutseleg stupte ned. Hadde ho vore lengre oppe mot fjellet, hadde ho sett at det styrta i vatnet. Men ho såg ikkje noko meir til flyet.Nokre timar seinare, var elva som renn frå Sandvatnet og ned i Indre Skor, full av olje.
Ein u-eksplodert granat vart funnen i potetåkeren på garden Holten. Tyskarane frå basen ved Løland Bru, måtte grave den fram.

» I luftkampen har tyskarane mista to fly, begge skotne ned av G. C Pearson, medan på alliert side vart eit Mustang fly meld sakna, og er sidan aldri funne.»

Er det dette flyet som ligg i nordste Sandvatnet?

CC BY-NC 4.0 Løyner nordste Sandvatnet eit britisk Mustang fly? av Kine Solheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kine Solheim, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Sogeskrift frå Hyllestad, år 2003 (Kjell-Ragnar Berge) Haakon Solaas (augevitne) Kjell Solheim
Kommune: Sandvatnet i Skor