Sidemeny+

Legdene

Posted on 2. jun 2008 by in Jordbruk

Foto: A. M. B. Øyricbn

Utsikt ned mot Legdaåsen. Solheimsselet til høgre.

Dette er fjellstølen til gardane Simlenes, Svea, Solheim og Grønli. Stølen blei leigd hjå Dyrdal sidan han ligg i Aurland kommune. Den var i bruk til etter 1935.

Plassering i kart

Mykje folk stølte i Legdene, så her kunne av og til bli snautt med beite. Geitene til Guro Høgberg trekte ofte opp på Øvsta Snauasete for der var det meir mat. Så ho var her oppe kvar kveld og henta dei. Betre å ta dette arbeidet med å henta dei og så ha noko i kjelen istaden , sa ho. Johanna Simlenes stølte også i Legdene. Ho brende kvart år eit område med lyng. Då vart det grønt og fint og gode beite. Men faren for at elden skulle spreia seg var sjølvsagt stor viss ein ikkje var forsiktig. Heldigvis gjekk det bra kvart år. Huldrekyr GrønliKari og SveMetta var i Legdene om sommaren. Då såg dei ein kyrabøling tett ved seli (på selbøen). Dei tenkte det var deira eigne kyr som var komne. Best det var, var heile bølingen borte. Straks baketter kom deira eigne kyr til syne nedst i Legdaåsen, ein halv times veg ifrå. Dei vart då klår over at det var huldrekyr dei hadde sett. SveMetta stadfeste dette ofte seinare. Det var ikkje minste tvil i hennar sjel. Julekvelden Før var det slik fæl køyring frå Legdene. Dei leigde hogster der hjå Dyrdølene. Dei hogg om sommaren og lønte det saman om hausten. Om hausten låg dei der i vekevis. Dei hadde bygdt seg to stover å vera i, og dei hadde stallskur til hestane. Dei låg der og køyrde like inn til jul og lønte saman på ein stad dei kalla "Vetlabrekka". So var det ein raring som ikkje ville heimatt julafta, men ville liggja att åleine der ute. Men dette fekk han angra. Han vart teken tre gonger og hivd or sengi. Tredje gongen vart han redd og rømde heimatt.

CC BY-NC 4.0 Legdene av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2008
Kjelder: Per H. Bøthun: oppteikningar Gjertrud og Lars Hatlelid Stølsregistreringa av 1935
Kommune: Fresvik