Sidemeny+

Krabbefiske på kysten

Posted on 2. jun 2008 by in Arbeidsliv

Utsikt mot Vågane mellom Skifjorden og Åfjorden, teke frå Klubben

Utanfor Skiveneset er det mange gode plassar å fiske krabbe på. Kvar haust fiskar vi krabbe som vi sel til alle som vil ha.

Plassering i kart

Planlegging av fisket

Utanfor Skiveneset er det veldig mykje krabbe. Det er ikkje uvanleg å få 20-40 krabbar i ei teine, og som regel er krabben full i mat. Teinene dreg vi 2 gongar i veka, og som agn har vi gamal fisk, som regel makrel. Han har vi fiska om sommmaren, og frose ned til vi brukar den om hausten. 1-2 mellomstore makrelar er passe agnmengde. Krabben sel vi for 5 kr stykket.

Heimelaga teiner

Vi brukar heimelaga treteiner som er cirka 60x30x25cm. Betongloddet inni dei veg nokre få kilo. Dei har struttar i begge endar (dvs opningar) og ei luke på toppen til å egne og ta ut krabben. Agnet trer vi inn på streng som vi festar i lokket.

Teiner på rekkje og rad

Mellom kvar av dei 3 teinene er det ca 30 meter med tau; det er så mykje for at det til ei kvar tid berre skal vere ei teine som er på veg opp når vi dreg dei. Elles blir det for tungt, spesielt når det er mykje krabbe og kanskje litt ekstra stein.

Ein hummar i ny og ned
Dersom du set teinene nær berget når det lir på hausten, kan du vere så heldig å få hummar, men den har begrensa fisketid, så pass å hive den ut dersom det ikkje er fisketid på den.

Hausten er krabbesesong
Vi byrjar å fiske om lag på same tid som skulen byrjar om hausten og held på til haustferien, som er i oktober. Mange som fiskar krabbe, held på til langt ut i november.

CC BY-NC 4.0 Krabbefiske på kysten av Jørgen Skivenesvåg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jørgen Skivenesvåg, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kommune: Skivenesvågen