Klokkargarden Vollen, Dale i Sunnfjord
Klokkargarden er ei oppleving verd.
Plassering i kart
Klokkargarden – eller Vollen – er ein idyllisk og lokalhistorisk viktig plass rett sør for kyrkja i Dale, Sunnfjord. Det var der klokkaren budde fordi han fekk for lite lønn om han berre skulle jobbe som klokkar. Han dreiv garden også.
Klokkargarden ligg i ein liten plass i Sogn og Fjordane som heiter FjalerDale. Plassen ligg litt utanfor Dale sentrum. Det eldste huset er frå 1700 talet. Garden er 5 mål stor. I 1862 vart garden kjøpt til lærargard for Dale.
Eldste delen av våningshuset er frå slutten av 1700-talet. Det meste blei truleg bygd rundt 1800 talet, i ein heilt vanleg byggestil. Kven som bygde huset veit ein ikkje.
Rundt eigendommen ligg fleire viktige bygningar: det gamle og ærverdige Heradshuset, gamleskulen og Dale folkebad – kalla Badet. Utanfor Ungomskulen like ved, står det ei statue av Jakob Sande.
På garden har det budd mange klokkarar fram gjennom tida, etter at klokkaren Knut Knutsen Kamp frå Holmedal kjøpte garden i 1964, og busette seg her.
- 1862 var Daniel Fossheim lærar og klokkar i Dale
- Johan Barsens kom etter han i 1877
- Andreas Sande kom kom rundt århundreskiftet til 1935.
- Ragnvald Fagerheim var den siste som dreiv garden. Han kom i 1935 etter Andreas og slutta i 1949.
Andreas Sande var far til Jakob Sande. Han var ordførar i Fjaler frå 1914 til 1916 og frå 1920 til 1926, altså to periodar. Han var og formann i styret for elektrisitetsverket. I bygda fekk han namnet «Lysets Fader» fordi han var så aktiv med å få elektrisk kraft til bygda. (Fjaler ar også ein av dei bygdene som først fekk elektrisk kraft her i landet – sjå annan artikkel om Hålandsfossen).
Jakob Sande vart fødd i Bestefarstova på garden i 1906. Jakob Sande var ein kjend diktar som skreiv landskjende dikt og songar som: «Det lyser i stille grender,» og «Gåsa, katten og hanen.» Jakob Sande skreiv mange ulike dikt, alt frå det groteske og grove, til det vare og fine.
Eigedommen såg ei stund ut til å hamne i privat eige då kommunen ikkje makta å stå for kjøpet åleine. No har ei privat stifting med støtte frå kommunen teke over eigedommen – Jakob Sande stiftinga.
No er det eit lite ?museeum? i klokkargarden. Utstillinga viser bøkene til Jakob Sande, og ting som han hadde. Det er ein kafe ( om sommaren ) på lørdagane som er kalla Lisa i Li, etter diktet om Kleppe-Maret. På kafeen, som er driven på dugnad, sel ein svele, kake, vaflar, kaffi osv. Det er svært idyllisk og koseleg der, og ofter er detr underhaldning, diktlesing og minikonsertar der. Folk i kommunen er svært stolte av Jakob Sande.
-
Klokkargarden Vollen Foto: Atle Magnus Øvrebustall-rights-reserved
-
Klokkargarden Foto: Fjaler Ungdomsskuleall-rights-reserved
Klokkargarden Vollen, Dale i Sunnfjord av Sigvard Sørebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.