Guddal kyrkje, Guddal i Fjaler
Vart selt for 100 spd til almuen.
Plassering i kart
Gamle Guddal kyrkje
Kyrkja vart bygt i 1686, og restaurert i 1870 og 1970. men det har vore ei kyrkje her før. Den kjende vandresegna om kyrkjetømmeret som vart flytta, finn vi også i Guddal: Her skulle ny kyrkje byggast på garden Guddal, men vart natta før byggearbeidet skulle starte, på uforklarleg vis flytta over til Engja, der kyrkja vart reist.
Koret var 3,6 meter langt og 3,9 meter breidt, skipet var 7,8 meter langt og 5,85 meter breidt og framdøra var 2,4 meter lang og 4, 36 meter breid. Inventaret i kyrkja i 1830 var: 1 Dansk bibel, 1 huspostil, 1 alterbok, 2 kingos salmebøker, 1 rød og kvit alterduk, 1 messeskjorte, 1 messehakel, 1 kalk sølv, 1 disk av sylv, oblatdåse av sølv, 5 lysestakar av massing, 1 klokke, 12 inventar eller leigekyr.
Gamle levningar.
To glasruter på sørsida var farga og malt med roser og ein fugl. Eit kar av stein (steinblokk) for vigslevatn- etter segna. På Tuland hos Søren finnest den gamle kyrkjedøra avskjert på tvers og brukt som låvedør. Døra hadde i heilheit vore 1,8 meter høg høg og 1.20 meter breid, den hadde ikkje noko spesielle utskjeringar eller stas. På det eine dørjarnet var innskore bokstavane JHE. På dørene var dei innskore ei mengd bokstavar ein over hin- heile døra over.Innrissa av folk som søkte hjelp hos kyrkja.
På kyrkjegarden er der fleire steinkrossar. På eller litt omkrig kyrkjegarden har det litt om litt vorte funne og oppgravd nokre merkelge lik, men nærare opplysningar er det ikkje.
Dei siste private eigarane.
Dei siste private eigarane av denne kyrkja var Rasmus Hovlandsdal og Lasse E.Espenes. Dei selde henne for 100 spd. til «almuen.» Etter dåverande reglar var ho forlita og mangelfull. I 1869 vart det skrive kontrakt med kyrkjebyggjaren John Alvær om vøling og påbyggjing. Bygda skaffa tømmeret sjølv,og Alvær skulle ha 500 spd. for arbeidet. Då kyrkja vart ombygd fekk ho ei altertavle måla av kunstmålar Losting i Bergen. Kyrkja hadde då 210 sitjeplassar.Til hundreårsjubileet i 1970 fekk kyrkja på ny ei omvøle og er i god stand. Den noverande kyrkja har 135 sitteplassar.
Gravskikk.
I middelalderen var folk i Norge katolske kristne. I følge kristendommen skal en ikkje gravlegge den døde med gåver. Det er fordi dei trur at dei får alt dei treng av Gud i det neste livet. Og dei trur at det neste livet er evig. Dei døde blei gravlagt på kyrkjegarder. Arkeologane har funne klær som den døde var gravlagt i. Ved Guddal Kyrkje i Fjaler i Sogn og Fjordane blei det funne tre skjorter, nokre lange kjeppar av lindetre og eit kors av tre. Under arbeid med ei grøft vart det funne restar av tekstilar utanfor den gamle kyrkjegarden. Restane vart funne i ei myr og det har vore spekulert i om det kunne vore ein ?krisekyrkjegard? brukt under svartedauden.
-
Teikning av første kyrkja Foto: Ukjendall-rights-reserved
-
Nye Guddal kyrkje Foto: Ukjendall-rights-reserved
-
Kle frå mellomalderen Foto: Ukjendall-rights-reserved
-
Beinrestar. Foto: Ukjendall-rights-reserved
Guddal kyrkje, Guddal i Fjaler av Sigvard Sørebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.