Sidemeny+

Forferdelege år

Posted on 10. jun 2008 by in Historie, Immateriell kulturarv

Straumsneset, garden ved Listraumen, der Borgny voks opp.

Borgny Hatlem voks opp på garden Straumsneset i Lifjorden. Denne garden Ligg ved austre Listraumen og dei måtte i båt for å koma seg over til Risnes med butikk, post og dampskipskai. I samband med fredsjubileet i 1995 vart ho intervjua av barnebarnet sitt, Stian Hatlem, om opplevingane sine under andre verdskrigen

Plassering i kart

9. april, ein fæl dag

Far hadde vore på butikken, og der fekk han høyre at det var krig over heile landet. Mor var heilt fortvila, ho tenkte vel på de eldre søskena mine, nokon i Bergen, og eldste broren på sjøen. Eg veit ikkje om me ungane forstod det med det same. Når me høyrde og såg alle flya som for, og nabogutane kom og sa at dei skulle ut i krigen, då forstod vi kva gale som hadde skjedd.

Rasjonering
Det vart store forandringar. Alt som me skulle kjøpe, vart det rasjonering på, alle fekk kort, matvarer, tøy og sko. Det var nok av fisk i fjorden. Mjølk og kjøt hadde vi på garden. Men klede og sko var det verre med. Me sydde oppatt gamalt. Mor spann garn, og me strikka ein masse, so det gjekk no på eit vis. Så noko naud lei vi ikkje, men i byane hadde folk det mykje verre.

Soldatar kjem til bygda
Det kom snart tyske soldatar til Hyllestad. Me kunne høyre dei gjekk ettter vegen og marsjerte og song. Me ungane var so redde at me torde nesten ikkje gå ut etter det vart mørkt. Eg trur det budde nokre i skulen i Lifjorden. Men det varde ikkje lenge, so me fekk gå på skulen mest heile tida. Så fann dei på å byggje militærleiren på Nesje, og då såg me ofte tyske soldatar. Det var og av og til husundersøkelse hos oss, dei leita etter engelske spionar og radiosendarar. Då måtte vi stå heilt i ro, ein passa på oss med pistol. To, tre andre undersøkte heile huset. Det låg eit stort lasarett-skip nett utanfor oss. Der var det masse unge soldatar om bord. Slike som hadde vorte litt skada og skulle kvile seg. Ein dag hadde dei segla med ein liten båt, båten hadde gått rundt, og to hadde drukna. Eg kan hugse dei var svært sorgsame lang tid etter.

Ei hending eg hugsar godt

Ein sein kveld i mørkninga kom det tre tyske torpedojagarar opp Listraumen, og la seg på Kjevika attmed ein høg hamar. Me vart svært redde, og eg trur ikkje far og mor var i seng om natta. Hadde det komme fly og bomba, hadde det ikkje vore mykje att av oss. Men i grålysninga for dei ut att, og glade var vi.

Fly over oss
Ei hending eg òg hugsar godt, det var ein dag det for fly over her att og fram. Mor og eg gjekk opp på ei lita hei over husa. Då kunne me sjå at dei bomba ein fylkesbåt. Mor var redd det var «Gula», der var yngste bror min kokk. Og «Gula» var det, men bror min kom seg i land i Sygnefest og vart berga. Kor mange som kom vekk, kan eg ikkje hugse no.

8. mai og flagga til topps
8. mai opplevde vi som eit eventyr, alle flagg til topps. Folk brydde seg ikkje om å arbeide. Dei gjekk omkring og prata, jubla og song. Eg er vorten so gammal at eg kunne vere ute med ungdommane, so me dansa og hadde det moro natt etter natt. Det var som ein jubelrus heile våren. Særleg 17. mai vart feira med brask og bram over alt. Og mest jubel var det då alle som hadde vore med under krigen, kom heim.

CC BY-NC 4.0 Forferdelege år av Sunniva Marie Kjelstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Stian Hatlem, 1995
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Skuleavisa Gygrekjeften, fredsnummer i 1995
Kommune: Lifjorden