Sidemeny+

Fjalerkraft – Hålandsfossen kraftstasjon, Dale

Posted on 13. jun 2008 by in Arbeidsliv

Rett før 1. verdskrigen var det spanande tider i Dale og Fjaler. Det var straum på gang.

Plassering i kart

I soknestyret den 10.november 1915 låg det føre tilrådning frå Dale elektrisitetnemnd, der dei tilrådde å kjøpe Hålandsfossen for 6000 kr. I tillegg skulle seljaren ha 10 elektriske hk fritt, og straum til «nokre lampar». Elektrisitetsnemnda vart gjeven fullmakt frå Dale sokn til å kjøpe Haalandsfossen etter handgjevning frå 4/12 1912, oppattnya 4/12 1914.

 

Planen var å regulere Strandavatnet med 1/2 meter oppdemning og ein meter senking på normalt vassmål. Vatnet skulle først gjennom ein 380m lang kanal, fram til eit oppmura inntaksmagasin. Her frå ei 220m lang rørgate til turbinen. Kanalen hadde dimensjon på 2,7 m djup og 2,0 m brei, og røyrgata 70 cm i tverrmål. Det første aggregatet hadde 385 kva og generatoren hadde ei spenning på 2,250 V.

 

Leveringa av generatoren brukte lang tid på å komme, den var bestilt frå det tyske firmaet Siemens. Det var krig og nesten ikkje materialar til å byggje generatoren. Dei fekk beskjed frå fabrikken at dei måtte sende 70 kg kopar, om dei skulle få lov til å eksportere den.

 

I 1917 fekk dei generatoren på ein slede og drog han opp Trolleskaret med hest og handemakt – på snøen. Det var eit vanskeleg og tungt arbeid, og dei hadde ein lang veg, omlag 4,5 km. Kl 11 om kvelden var generatoren på plass i Hålandsfossen.

 

I februar 1918 var monteringa ferdig og prøvekøyringa tok til. Alt gjekk godt, og den 22 februar vart høgspentlinja til Dale og Flekke kopla inn. Den fyrste tida var spenninga berre 4,200 men vart auka til 5,250. Linene var under spenning frå kl 16. til kl 22 kvar dag.

 

Hjalmar Haaland begynte å jobbe i kraftverket som linebyggjar i 1916. I 1918 vart han tilsett som stasjonsvakt. Han fekk medalje for å ha jobba i over 50 år, og han var den einaste som fylgde med gjennom alle skiftingar.

 

Ein kan lese meir om Hålandsfossen på NRK sine sider.

CC BY-NC 4.0 Fjalerkraft – Hålandsfossen kraftstasjon, Dale av Sigvard Sørebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kornelius Sætenes Haaland, 2008
Klassetrinn: 9.
Kjelder: Heftet "Fjalerkraft", Fjalerkraft 1968
Kommune: Dale i Sunnfjord