Sidemeny+

Glaværer ein liten holme/lita øy i Gulen der eg og familien reiser på sommarferie. Det har levd folk der i generasjoner. No i dag er det berre 10 menneske med etternamnet Glavær.

Glavær i ytre Gulen
Glavær er ein holme ute i Sognefjorden. Glaværet var frå gammalt av stasjon for jektene som sigla på fjorden og kysten heilt opp til Nordland. I Glavær var det god hamn i all slags ver. Enno er det merke etter festeboltane på nes og berg på hamna der. Staden fekk handelsløyve heilt tilbake i 1760. Men først og fremst var Glavær ein stad der jektene låg og venta på bør den gong vinden var drivkraft for båtane.

Tingstaden Glavær
Den vesle øya Glavær ligg strategisk plassert mellom Hille og Hisarøy ved innseglinga til Sognefjorden. Glavær har og andre minne knytt til seg. Det er ein gammal tingstad. Og mange av dei første heradstyremøta i Gulen og Solund som då var ein kommune, gjekk føre seg i stova på gjestgjevarstaden frå 1837, då lokaldemokratiet vart innført her i landet. Glavær har og tradisjonar som landhandel frå førre hundreåret.

Nord Glavær
Til Glaværet høyrer det 9 andre holmar som besten, Leif Glavær, eig. Besten eige nord Glavære. I gammal tid stod det eit skjenkehus på søre Glavær. Men det er no flytta til Kaupanger. På nord Glavær har det budd mange folk i generasjonar. Dei levde av fiske og dei hadde nokre husdyr. Oldefar har mista ein bror, han kollsegla lillejulafta. Bestefar har og mista ein bror på sjøen; han var berre 26 år da han døydde.

Om sommaren
Det er eit hus på nord Glavær det er besten som eig. Når vi er der om somrane, er det heilt fantastisk å vere der. Sol nesten kvar dag. Vi fiskar kvar dag og får ca ei halv – ei tønne fisk. Eg sløyer og fileterer ofte, men eg er ikkje flink til å filetere. Besten fileterer og sløyer fisk på null komma null. Pappa og onkel sløyer og fileterer og. Men det er ikkje alltid vi orkar å stå om kvelden og sløye fordi det blir for mykje knott. Når vi skal handle, må vi reise til Eivindvik. Vi finn blåskjell med perle i, perlene har farger som rosa, lilla, blå og kvit. Dei er ikkje særleg store, men det er perler.

CC BY-NC 4.0 Glavær av Natalie Glavær er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Natalie Glavær, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Ingolf Austgulen Bjørg Glavær
Kommune: Glavær