Sidemeny+

Aslaug Gjertsen – for ei dame !

Posted on 2. jun 2008 by in Ferdsle, veg og sti, Person

Foto: Atle Lyngstad Nesscbn

Aslaug Gjertsen var første kvinnelege sjåfør i Hyllestad.

Under ein ryddeaksjon på Hyllestad skule kom vi over eit gruppearbeid gjennomført av 8. klasse 1987-88. Arbeidet var presentert i eit hefte, og vi tykte innhaldet var interessant, og valde difor ut nokre lokale tema vi meiner bør vere kjende for ettertida.

Plassering i kart

Ei driftig og engasjert dame i Sørbøvågområdet var Aslaug Gjertsen, fødd 1903. Ho hadde mange jarn i elden, mellom anna var ho drosjesjåfør opp i høg alder. Siste bilen kjøpte ho i 1995, og ho hadde gyldig førarkort like til 1997. Ho døydde i 1999.Her fortel ho litt om opplevingane sine med bilane ho kjørde.

Den første bilen i 1926

Den første bilen fekk eg rundt 1926. Eg hadde sertifikat før eg fekk bilen, ein brukt Chevrolet. Det var ikkje nokon som hadde bil her i kommunen, utanom den her på garden. Etter krigen begynte det å komme fleire bilar, og då eg byrja å køyre drosje rundt 1950, var det allereie ein god del. Det var jo ingen andre damer som køyrde, ikkje før 50-åra. Mannfolka var no litt skeptiske, ja. Somme var redde for å setje seg inn i bilen, men det gjekk nok fort over.

Dårlege vegar

Vegane rundt om her var dårlege; dei var berre berekna på hest og vogn. Det jo berre grusvegar, så det var litt av ein oppleving å køyre på asfalten, då han kom. Om vårane når telen gjekk or marka, vart det djupe hjulspor etter vognene, og kom ein ned i eit slikt spor med bilen, så var det nett som å køyre etter skinner.
Det var ikkje fartsgrenser, men vegane gjorde det umogleg å komme over 50 km/t. Bilen kunne vel gå i 70-80 km/t. Det vanlegaste var å køyrte vegane til Gjølanger, Høydalen, Sundbotten og Skifjord, men dei første åra var det ikkje veg ut dit heller.

Kostnadene med bil
Bensinen kom fatvis med båten; han kosta vel rundt 70 øre literen, og det var dyrt i dei dagar. Drosjetakstane var godt og vel 1 kr per kilometeren. No (1987) er det 4 kr/km med ventetid kosta det 30 kr ekstra.
Det var stor forskjell på bilane, men det var dekk som vi har no og mykje av utstyret var det same.

Lettare å handtere

Bilane no til dags er jo mykje enklare å handtere. Eg hadde også ein Buick, den var stor og frykteleg tung, men det var ein god bil. Det gjekk for det meste i brukte, importerte bilar, Buick’en fekk eg direkte frå England, frå nokre kjende. Den kom på nokre hundre kroner, pluss frakt.
Eit problem før, var når ein trefte på hestevognene , for mange hestar vart vitskremde. Og så var det til å vente til ein fann ein plass hesten kunne køyre utanom, for det fanst ikkje utkøyrsler.

8 dagar, og du har sertifikat
Å få sertifikat var gjort på 8 dagar. Då køyrde eg litt att og fram i Bergen, ingen teori og heller enkel oppkøyring. Kunne ein snu på rattet, så gjekk det greitt. Eg trur ikkje eg betalte meir enn 30 kr for alt saman.
Så no har eg hatt sertifikat i 62år, i vel 30 år har eg køyrt drosje, men no køyre eg berre til privat bruk.

CC BY-NC 4.0 Aslaug Gjertsen – for ei dame ! av Kristin Solås er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristin Solås, 2009
Klassetrinn: 9. klasse 2008/2009
Kjelder: Elevarbeid/intervju av elevar Hyllestad skule skuleåret 1987-88.
Kommune: Salbu, Sørbøvåg