Sidemeny+

Åfjorddalen i tonar og bilete.

Posted on 11. jun 2008 by in Immateriell kulturarv

Foto: Kine Solheimcbn

Åfjorddalen sett frå Robba. Gardane rett ned for fotografen, er Espeland.

Året er 1978. Den fyrste Åfjorddalsrevyen skal setjast opp. Då skreiv Kjell Solheim ein song til revyen, kalla «Kjærleiksvise til Åfjorddalen». Denne songen skulle vise seg å verte så populær, at den blei ein lokal hit på ulike arrangement.

Plassering i kart

Kjærleiksvise til Åfjorddalen
Tone: Vestland, Vestland.

Å, Åfjorddal som i ein draum eg såg.
Med hus og heimar under fjella låg.
Frå nord i Skor til ut på Aksedal.
Frå inste Løland og til fjella sval.

Ja, Skor er bygda med dei vatna tre.
Sjå fjell og lier speglar seg der ned.
Det er den bygd som eg har fått så kjær.
At kvar eg fêr, er ho mitt hjarta nær.

På Markhusvatnet ror ein liten båt.
Frå skog og lier høyrest fuglelåt.
Kom lat oss vandra langs med Alefjell.
For turen vår, ja den går langt i kveld.

På Øveråshøgda der du syn får sjå.
Med vible snøfjell og med vatn blå.
Og mange gardar rundt den fine strand.
Ja, det er vent, ja dette er vårt land.

Og Espelandsvatnet, å du store min.
Kor vent det ligg der no når sola skin.
Sjå hus og gardar speglar seg der av.
Der ligg den arv som våre fedrar gav.

Sjå Aksedalen og sjå Birkeland.
Dei ligg der alle ved den lange strand.
Med fine vollar, fjell og grøne li.
Slik har ho lege her i all vår tid.

Ja, Åfjorddalen det er fedrejord.
Frå slekt til slekt ho ligg her langt mot nord.
I dette landet som er mitt og ditt.
Å, lat det leva, lat det vera fritt.

CC BY-NC 4.0 Åfjorddalen i tonar og bilete. av Kine Solheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kine Solheim, 2008
Klassetrinn: 8.klasse
Kjelder: Kjell Solheim
Kommune: Åfjorddalen