Sidemeny+

Wergeland -kvar skriv namnet seg i frå?

Posted on 19. mai 2008 by in Historie

Foto: Laila Røkenesall-rights-reserved

Verkladsgardane slik dei er i dag

Har du noko gang tenkt på kvifor Henrik Wergeland heitte nettopp Wergeland. Kvar kom namnet i frå? Det skal du få vite no. 

Plassering i kart

Garden Verkland

Nils Olson vart fødd 11/4 i 1717 på garden Wirchland, eller Verkland som garden heiter i dag. Foreldra var Ole Jonson Verkland (1685-1771) og Kari Hansdatter Fram-Brekke (1690- 1741). Verkland ligg om lag 14 km frå bygda Brekke i Gulen. Namnet Verkland skal ha tydinga «land hvorpå der er lagt meget arbeid i.» Du kan lese meir om garden og namnet her

 

Nils vert soldat

Medan Nils vaks opp, var det ekserserplass i Brekke. Der fekk han sjå offiserar og soldatar i øving, noko som vekte Nils si interesse. I 1737, 20 år gamal, verva hans seg. Han var først soldat i 5 år, før han vart tatt opp i generalmajor Kaltenborns grenadérkompani som underoffiser. I 1752 var tenesta has som grenadér over, og han vart sendt heim til Noreg.

 

Heim til Brekke  

Då Nils Olson Wergeland søkte Bergens stiftsbefalingsmann Von Cicignon om borgarskap som kjøpmann, var det at namneendringa truleg fann stad. Nils hadde skrive søknaden på tysk, og det er det eldste dokumentet der namnet Wergeland førekjem. Det vart hevda at dei danske offiserane ikkje kunne uttale det norske namnet Virchland, det vart til Wergeland, og slik vart det skrive i dei danske protokollane. Namnet Wergeland passar jo bra for ein som har vore med å «verga» landet… Det vart ikkje til at han etablerte seg som kjøpmann i Bergen, og i 1772 flytte han heim til Brekke. Nils gifta seg aldri, og vart buande i huset sitt på Fram-Brekke til han dø i 1792, 75 år gamal.

 < ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />

Henrik Wergeland

Vår kjende diktar Henrik Wergeland har namnet sitt nettopp etter N.O. Wergeland. Nils var ein eldre bror av Henriks oldefar og dermed grandonkel til Henrik sin far. Henriks far vart døypt Nils Wergeland, men bytte seinare namn til Nils Lassesen Beraas. Då han ville studere på latinskulen i Bergen fekk han 10 riksdalar til bøker av grandonkelen, dersom han tok fødenamnet Nils Wergeland att. Det gjorde han. Sidan skifte han ut Nils med det meir latinske namnet Nicolai.  Les meir om Henrik Wergeland og has familie her. Det vart reist ei minnestøtte over Henrik Wergelands ætteliner på garden Verkland i 1975, i regi av Brekke ungdomslag.

Takk til Kirsti Hjellum og Bodil B. Takle, for hjelp til å finne gode kjelder.

CC BY-NC 4.0 Wergeland -kvar skriv namnet seg i frå? av Laila Røkenes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Laila Røkenes 2008
Kjelder: Kjelder: Ludvig Engesæter: Brekke Herred-Bygdebok Bind II Griegs Forlag 1944 Nettlenkjer http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/2274018.html http://www.arkivverket.no/webfelles/sab/wergeland/index.html http://www.sf-f.kommune.no/sff/sffarkiv3.nsf/page/ 7DTFXP518?OpenDocument http://www.arkivverket.no/webfelles/sab/wergeland/tre.html http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane /fylkesleksikon/2220254.html
Kommune: Verkland