Sidemeny+

Vikingtida på Naustdal

Posted on 11. mai 2008 by in Kulturarv

Foto: Mariann Heimsætercbn

Her er ein av steinane som vart reist til minne Vemund. Den høgste av steinane var nesten 6 meter høg.

Dei fleste historikarar reknar med at der var ei stormannsætt som rådde på Naustdal i Eid – og ikkje i Naustdal i Sunnfjord. Dette var på Harald Hårfagre si tid. Vemund frå denne ætta var konge over Firdafylket i 870.

Plassering i kart

Harald Hårfagre
Harald Hårfagre levde mellom år 850 og 933. I året 872 stod slaget ved Hafrsfjord like ved Stavanger. Då reknar ein med at Noreg vart samla til eitt rike. Berre 16 år gammal vart Harald konge i Fjordane, eller i Firdafylket som det heitte da.

I firdafylket var Audbjørn konge. Broren has heitte Vemund Kamban. Kongen på Sunnmøre heitte Arnvid. Han forstod at Harald ville kome frå Trondheim og ta fylket langs kysten sommaren 865. Arnvid gjorde ein avtale med Audbjørn i Firda om at dei skulle gå saman mot Harald Hårfagre. Harald møtte difor ein stor hær når han kom til Sunnmøre den våren. Harald kjempa tappert fremst i skipet sitt, og begge hærane hadde store tap. Både Arnvid og Audbjørn vart drepne i denne kampen. Etter denne kampen reiste Harald tilbake til Trondheim, og han overlet makta til Ragnvald Jarl på Sunnmøre. I fjordane var det Vemund, bror til Audbjørn, som gjorde seg til konge.

90 mann brent inne
Denne vinteren fekk Ragnvald Jarl greie på at Vemund var i gjestebod på Naustdal i Eid. Han for da med nokre menn frå Sunnmøre til Naustdal. Her kom han overraskande på gjestebodet på sjølvaste julaftan. Dei omringa husa der Vemund var, og brende Vemund inne med 90 mann. Det seiast at når Vemund og 90 mann vart brent inne, kjente ein lukta av brent menneskekjøtt heilt inn på Eid. Ragnvald Jarl tok alle skipa og alt godset til Vemund med seg til Sunnmøre. Våren etter kom Harald Hårfagre og gjorde seg til konge i Fjordane.

Minnemerke
Det står to store bautasteinar på Naustdal som folk meiner er til minne om Vemund og drapet på han. Den eine står heilt nede ved sjøen, medan den andre står midt på ein gard midt på Naustdal. Denne er ca 6 meter høg.

Leikvin
Der Hjalma renn ut i Eidsfjorden ligg dei to gardane som har vore dei viktigaste i bygda. Vest for elveosen ligg Naustdal. Garden er nemnd i Snorre og der bak står bautasteinane til minne om døde stormenn. Aust for elveosen ligg Løkja der sorenskrivaren i Nordfjord budde. No er det 200 år gamle huset blitt til kunstgalleri på Leikvin

CC BY-NC 4.0 Vikingtida på Naustdal av Mariann Heimsæter er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mariann Heimsæter, 2008
Klassetrinn: Lærar
Kjelder: Bygdediktaren Pål Naustdal, skriv intervju med lektor Ottar smørdal www.fylkesleksikon.no
Kommune: Naustdal i Eid, Sogn og Fjordane