Sidemeny+

Vatn og veiter

Posted on 20. mai 2008 by in Kunst og kultur

Foto: Jan Olav Åsarmoen Møllercbn

Del av Ljøsnaveiti.

Å frakta vatn ut til beitemarker og åkrar var ei stor utfordring før trykkvatninga kom. Bøndene takla problemet på ein beundringsverdig måte.

Plassering i kart

Med årleg nedbør på om lag 500 mm, er jordbruksbygda Lærdal ein av dei mest nedbørsfattige stadene i landet. Høgdeskilnader i den lange dalen med bratte skråningar, fører til lokalklimatiske ulikskapar som gjenspeglar seg i vegetasjonen. På sørsida er det mindre solinnstråling enn på nordsida. Utan kunstig vatning i Lærdal, er det uråd å få normalavlingar både på åker og eng. Det er hevda at vatning mange stader er like viktig som å så. Ut frå denne kunnskapen har kunstig vatning med veiter utvikla seg.


Historie og verdi
Allsidig utnytting av vatnet, både som energikjelde og til vatning av åker og eng, har vore ein føresetnad for jordbruksdrifta i Lærdal. Veitesystemet har røter heilt attende til 1200-1300-talet, og enkelte hevdar at teknikken er like gamal som sjølve åkerbruket. På 1800-talet var veitevatning vanleg i heile bygda.


Lokalisering
Stuvehagane ligg i Lærdal kommune om lag to mil frå sentrum, retning aust. Området er ca. 1,5 km langt og ligg om lag 100 meter over havet. Stuvehagane ligg på ei elveslette som har stort innhald av stein, dels blokkmateriale. Området grensar opp til nordsida av E-16 og ligg som eit beite mellom vegen og ein mindre grusterasse langs bergfoten.


I stuvehagane er det fleire veiter, Ljøsneveiti, Oppåbakkveiti, Storeveiti, Undebakkveiti og Semløynveiti. 


Ljøsnaveiti
Ljøsnegardane låg oppe på terassen, lunt og trygt for elva som grov og overfløymde dalbotnen. Problemet var å få nok vatn. På 1800-talet hadde ikkje bøndene reiskap til å pumpe opp frå elva, så dei måtte få vatn frå grøv og oppkomer ved foten av fjellet. Dette vart ofte for lite så dei sju gardseigarane som budde der då, sette i gong med ei storsatsing, Ljøsnaveiti.  


Dokument med nøyaktige skildringar syner at nivellering (oppmåling av terrenget) av Ljøsneveiti vart gjort i 1857. Ein svært detaljert arbeidsforklaring av byggjinga fylgde i 1891. Det skulle nyttast «pukksten af Størrelse som halvparten af en Knyttnæve». Vidare står det at «Pukksten slaaes god sammen med Slægge, hvorpaa der i Pukkstenen og Murfugenen paa siderne slaaes almindelig Kalkmurbruk til den fylder Stenernes Mellemrum godt ud og ved Udgjevning med Murske denne stryger over de øverste Sidserne af Pukstenslaget.»


Ut frå framgangsmåten fekk Ljøsneveiti eit karakteristisk snitt med slak oppside og steil nedside der ein måtte mura.


Ljøsnaveiti stod ferdig på midten av 1890-åra. Det vil seie at det tok om lag 40 år frå gardseigarane gjekk saman for å planleggje til prosjektet stod ferdig. Inntaket til veita var på Garden Hønjum. Frå inntaket og ned til Stuvane, rann ho der riksvegen går i dag. Delar av veita gjekk i trerenner, «slåk», på grunn av fare for snøras.


Undebakkveiti
Me veit ikkje kor gamal Undebakkveiti er, men både Ljøsnaveiti og Undebakkveiti er teikna inn på eit utskriftskart frå 1918. Truleg er ho eldre enn Ljøsnaveiti sidan Nedre-Ljøsne hevda i ei skjønnsforretning i 1960 å ha hatt veiteinntak på Midt-Ljøsne før 1860. Her kan det vere tale om Undebakkveiti. I alle høve har elvesletta vore vatna med veiter i lange tider.


Retningslinjer
Ulike retningslinjer vart sett opp på ein skjønnsforretning 18.06.1034. Veita skulle vere 1,2 m brei frå hovudinntaket, vidare nedover 1,0 m brei, og det skulle vera forvarlege luker. Vedlikehaldsarbeidet skulle utførast etter kor mykje vatn ein fekk tildelt. Vatningstimar vart utdelt både natt og dag, men utan søndagar.


Semløynveiti
Semløynveiti er ein utstikkar frå Undebakkveiti nedom Stuvane. Den gav vatn til jorda sør om riksegen. I dag finn me berre enkelte restar av ho.


Vil du lesa meir om vatningsveitene i Lærdal, klikk her.

CC BY-NC 4.0 Vatn og veiter av Siv Helene Hovland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siv Hovland, 2008
Klassetrinn: 5. - 10.
Kjelder: Aarethun, Kjersti/ Aspevik, Magnhild: Vatningsveitene i Stuvehagane, Lærdal kommune,1991
Kommune: Ljøsne