Sidemeny+

Vårteikn ved Karstad skule

Posted on 14. mai 2008 by in Dyreliv

Foto: Jorunn Nilssencbn

Her ser vi songsvaner på sørsida like nedanfor skulen. Dei beiter på grunna her. To svaner står på isen i bakgrunnen.

Eit tidleg vårteikn ved skulen er svanene som kjem når isen er i ferd med å gå opp. Dei forlet oss før sommaren er her. Ulike tre og blomstrar er med og pregar våren. Padder og rumpetroll er eit viktig innslag når våren gjer sitt inntog.Dei får stor merksemd – slik også i denne artikkelen

Plassering i kart

Fugle- og planteliv
Svanesong frå flokkar på 20 – 30 fuglar er vanleg på vatnet ved skulen.Svanene er flotte å sjå på, og når dei fer vidare for å hekke andre stader, er dei velkomne att neste år.»Gåsungar«på seljetreet er eit sikkert vårteikn. Hestehov og blåveis som er med som vårteikn i alle lærebøkene, har vi ikkje. Men vi har kvitveis og soleihov i mengder. Klasseromma er ofte  pynta med desse blomstrane på førsommaren.


Padde- og froskeliv
Padder og froskar kjem også om våren. Dei kjem krypande fram frå dvalen i april, då det er tid for å legge egg. Paddelivet ved skulen tiltrekkjer seg nyfikne skuleborn og andre. Her kan ein studere amfibium i hopetal. Store hopadder sym omkring med fleire hannar på ryggen. Dei klamrar seg fast i håp om å vere den heldige som får genene sine ført vidare. Sidan det er ytre befruktning, kan det tenkjast at fleire er heldige med å treffe egga.


Egglegging
 Padda legg egga sine i lange remser, i motsetnad til froskane, som legg sine egg i slimete klumpar. Begge legg egg i ferskvatn, ofte i mindre dammar og tjern, der det er grunt og varmt. Før paddene og froskane er ferdig utvikla, er dei rumpetroll i ein periode.


Froskar
Vi ser lite til froskane, men eggklumpane som vi ser mykje av, fortel at dei har vore der. I følgje Claudia Schnieper i boka «Froskar» på side 10, forlet froskane vatnet og fer vidare når dei har lagt frå seg egga.


Padder
Paddene ser vi mykje til. Dei er ofte å sjå i vasskanten og på land. Mange av dei får eit ublidt møte med biltrafikken. I våte vår- og sommarkveldar er det vanleg i skyminga at det sit padder i store mengder langs vegen. Då er det tryggast å vere fotgjengar, for ikkje å få liv på samvitet.


Forsking
Det er heilt vanleg at elevar driv litt forsking på utvikling av froske-egg og rumpetroll. Det har óg hendt at klasserommet var arena for nærstudium av vaksne padder. Då kvekka det frå mange strupar i store baljar, og enkelte individ måtte innhentast då dei prøvde å utvide aksjonsradiusen ved å krabbe over baljekanten. Det vanlegaste er å ta opp rumpetroll og følgje utviklinga framover frå det stadiet. 



    Eit konkret forsøk
    Våren 2006 vart det også drive forsking. Eitt av forsøka vart kanskje drive litt lenger enn vanleg og er bakgrunnsmateriale for det følgjande.


    Slik gjekk det til
    Rumpetroll vart samla inn, studerte og sleppte ut att. Ei av samlingane – 6 rumpetroll – vart litt tilfeldig ståande over ei langhelg og etterkvart heile sommaren. Det var fascinerande å sjå korleis beina voks fram, først bak så framme. Rumpetrolla forandra fasong og vart meir avlange i kroppen før beina kom.


    Stell og utvikling
    Vi skifta vatn på dei ofte. Vatnet tok vi der vi hadde henta rumpetrolla, og vi passa på å få med litt botnslam som føde. Dei utvikla seg ikkje i same tempo. Og det var like spennande kvar gong eit nytt individ såg ut til å vere ferdig.


    Korleis leggje til rette når rumpetroll er ferdig utvikla padde/frosk?
    Dei to første var borte vekk før vi skjønte kva som hadde hendt. Så måtte vi vere føre var og leggje til rette med stor balje som kunne hindre at dei kom seg vekk usedde. Dei fekk ein stein opp i «klekkekaret» slik at dei kunne berge seg dit når dei gjekk over frå gjeller til lunger. Når dei hadde sett seg på steinen, måtte vi vere årvakne.


    Vellukka tilrettelegging
    Vi fekk gleda av å sjå fleire av dei vel av garde under full kontroll. Det siste rumpetrollet, som var svært lite av vokster, vart ikkje ferdig utvikla. Då det enno ikkje hadde fått bein i november, vart det sett ut att i vatnet i tide før isen la seg.


    Ettertankar og oppfølging
    I ettertid har eg lurt på om det var padder eller froskar vi ól opp. Rumpetrolla er vanskelege å sjå skilnaden på. Og dei små ferdige individa klårla det ikkje heller. Eg trudde det var padder. Med nyvunnen kunnskap om padde-egg og froske-egg har vi no samla inn av begge slag og er i gang med ny forsking – no frå eggstadiet.


     Les meir om padder og  froskar.

    geoatlas

    CC BY-NC 4.0 Vårteikn ved Karstad skule av Jorunn Solheimslid Nilssen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

    Forfattar: Jorunn Nilssen 2008
    Kjelder: Schnieper, Claudia "Froskar". Det Norske Samlaget, Oslo 1992.
    Kommune: Karstad skule