Ulv i Gloppen?
Var det ein jerv eller var det ein ulv som streifa over Søreidsheia ein vårdag i 1981?
Plassering i kart
1. mars 1981 var Jan Fossheim og Anders Søreide på skitur i Søreidsfjella vest for Jardalen i Gloppen. Oppe på heia kom dei over ferske spor av eit større rovdyr. Spora var så nye at dei undrast på om dei kanskje hadde skremt opp dyret. Fossheim hadde med seg kamera og fekk teke bilde av spora. To dagar seinare reiste dei to oppatt og tok fleire bilde. Dei hadde no med seg ein meterstokk og fekk meir nøyaktige mål av spora. Veret hadde i dei to dagane vore stabilt, og det var skare snø. Dei to var av den oppfatting at dette måtte vere ulvespor.
Utypiske jervespor I etterkant sende Fossheim bilde inn til Viltforskningen, Direktoratet som på den tid hadde ansvar for rovdyrobservasjonar. Fossheim registrerte sporfunnet som ulv. I det fyrste svarbrevet frå viltforskningen var svaret derimot at dette var jerv. «Hoppinga oppover med jamsides labber, den tette sprangsporgruppe og ikkje minst dimorfien mellom for og baklabber antyder dette. En ser den usymmetriske rekke av innstikk i de bakre sporene, dette går også entydig på jerv». Vidare finn vi at «sporsettingen m.m. er utypisk, bl.a mangler femte tåpute i samtlige spor. Ulv utelukkes».
Den femte tåputa Fossheim og Søreide slo seg ikkje til ro med dette svaret og i eit nytt brev til Direktoratet argumenterte dei med jerven sine fem tåputer. Dei hevda at spora var nær kvarandre og at jerven dermed ville få problem med å fote seg om der skulle vere ei tå til. Dessutan var det svært tydeleg på alle fire fotspora at det berre var fire tåavtrykk, og at avtrykka likna svært på ulvespor. Fossheim hadde tidlegare observert jervespor og desse var ikkje like. Likevel vart det slått fast i eit nytt brev frå Direktoratet at dette «med sikkerhet er av jerv, og svært utypiske».
Likevel usikre Etter ein del brevveksling fram og tilbake kom det endelege svaret frå direktoratet: » vi er usikre, men holder forløbig på jerv, jerven viser absolutt ikke alltid 5. tå, den kan ofte vere svært vanskelig å se sjøl på godt føre». At Direktoratet no ikkje lenge var fullt så bastante, opna for at rovdyrespora kunne vere frå noko anna enn jerv.
Ulv i Naustdal Det er i dag 58 år sidan det har vore heilt sikkert påvist ulv i området nær Gloppen. Den siste ulven som vart felt var i Naustdal i 1950. Naustdal og Gloppen er nabokommunar og deler ei rekkje fjellområde. Det er difor ikkje usannsynleg at det har vore ulv også i Gloppen tidlegare. I seinare tid er det observert det ein trur var ein ulv i Leikanger (2001) og moglege ulvespor i Aurland (2006). Kor vidt det var ulv eller jerv som var på ferde i Søreidsfjellet i 1981, kan ein berre undrast. Fossheim og Søreide er derimot framleis overtydde om at spora kom i frå ein omstreifande ulv.
-
Kven var det som sette desse spora i snøen? Foto: Jan Fossheimall-rights-reserved
-
Var det ein slektning av denne karen som var på besøk i Gloppen?
Ill.foto:NRK Foto: nrkall-rights-reserved
-
Avtrykka er omlag 10 cm breide Foto: Jan Fossheimall-rights-reserved
-
Søreidsfjella Foto: Norge i Bilderall-rights-reserved
-
Fire tåavtrykk frå alle fire potane Foto: Jan Fossheimall-rights-reserved
-
Naustdalsulven, skoten i 1950 av Dagfinn og Henrik Berg Foto: Fotograf Reiakvamall-rights-reserved
Ulv i Gloppen? av Tone Merethe Vik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.