Tyske spor sekstitre år etter

Tyskarane hadde god utsikt over sundet frå utkikkspostane sine
Måløy er ein liten kystby på nordvestlandet. Denne byen hadde ei sentral rolle under 2. verdskrig, særleg med tanke på Måløyraidet i 1941. I 2008 finn vi framleis spor frå den gongen tyskarane okkuperte Noreg i 1940.
Plassering i kart
Spor etter tyskarane
Måløy ligg strategisk plassert, på den måten at det er lett å observere båttrafikken som kjem både sørfrå og nordfrå. Tyskarane såg dette som ei god moglegheit til å beskytte seg mot dei allierte, så dei slo seg ned på øya, og bygde seg fleire utkikkspostar og festningsverk der. Mykje av den lokale busetnaden vart riven for å lage plass til dei tyske stillingane. Dei fleste av dei tyske byggverka står framleis, sjølv om det er sekstitre år sidan krigen slutta, men alderdomen har sett sitt preg på dei. Tyskarane bygde også ei trapp som gjekk frå eit stykke bak kyrkja, og opp til ein utkikkspost lenger opp i fjellsida. Desse trappene er der enda, og dei går heilt opp til stadion i Måløy. Ironisk nok har denne ruta fått namnet Kjærlighetsstien.
Kvar oppheldt tyskarane seg?
I tillegg til å byggje nye byggverk i Måløy, tok tyskarane i bruk fleire av bygga til dei lokale innbyggjarane. Bedehuset var matsal, Turnhallen var soldatheim, og der hadde dei òg dueslag. Der holdt dei duer som dei brukte til å sende med meldingar. Skram skule blei òg tatt i bruk av tyskarane, og der hadde dei blant anna fengsel på loftet. Holvik pensjonat, som i dag er best kjend som Jibben, var rekvirert som soldatforlegning, medan dei tyske offiserane stasjonerte i Vemmelsvika, som er eit lite stykke utanfor Måløy. Det var der dei hadde kontor. I Heradsheimen, som ligg midt i Måløy sentrum, budde det tvangsarbeidarar for tyskarane, og ved heimevernshuset i Sæterneset hadde tyskarane ein av fleire vaktpostar. Tyskarane tok også i bruk fleire brakker i Måløy. Desse kunne dei lokale innbyggjarane kjøpe billig som bolighus etter krigen. I tillegg til dette, hadde tyskarane fleire kanoner plassert frå Bremangerfjorden og til ut forbi Ulvesundet som går gjennom Måløy.
Måløy 2008
I 2008 er det ikkje mykje som tyder på at det var krig og spente tilstandar i Måløy for berre sekstitre år sidan. Men det er fleire minnesmerke i Måløy som gjer til at vi ikkje gløymer historia med det første. I minneparken på Moldøen finn vi eit minnesmerke over dei femtito allierte som fall under Måløyraidet. Der er også eit minnesmerke over allierte pilotar som vart skotne ned over Vågsøy. På torget i Måløy står det eit monument over falne frå Sør-Vågsøy og Davik kommuner, og i Linge-parken finn vi statua av kaptein Martin Linge, som vart skoten og fall under Måløyraidet.
-
Tyskarane hadde god utsikt over sundet frå utkikkspostane sine Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
Her er nokre av dei tyske festningsverka på Moldøen Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
Tyskarane bygde desse trappene som fører til ein av utkikkspostane. Stien heiter i dag Kjærlighetsstien Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
Turnhallen slik den står i 2008. Dette var soldatheim, og her hadde dei dueslag. Det vesle biletet er bedehuset som var matsal for tyskarane. Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
Jibben var soldatforlegning Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
I 2008 er det bibliotek og kulturskule i Heradsheimen Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
Minneparken på Moldøen Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
-
Linge-statua. Det vesle biletet er bautaen som står på torget Foto: Mary Ann Lødøenall-rights-reserved
Tyske spor sekstitre år etter av Tonje Lødøen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.