Sidemeny+

Svanøy frå oldtidssamfunn til nasjonalt senter

Posted on 5. mai 2008 by in Kulturarv

Svanøy Hovedgård er ei perle i naturskjøne omgjevnader i Ytre Sunnfjord og Flora kommune. Med ei soge som strekk seg fleire tusen år attende, er garden i dag eit nasjonalt senter for forskning og al av hjort. Les meir

Plassering i kart

På Svanøy Hovedgård si heimeside kan ein spore busetnaden på Svanøy i Flora 4000 år attende i tid. Ei tolkning frå Harald Hårfagre si soge kan tyde på vikingkongen Eirik Blodøks vart oppfostra på garden Erikstad på Svanøy i åra kring 900 e.kr.

 

Gamal historie

 

Ein steinkross med runeinnskrift er eit solid vitne om Olav Haraldson si kristningsferd i landet. Andre merke etter gamal tid er ein døypefont i kleberstein frå kring år 1200 og ei katekismusplate frå 1590. Desse stammar frå ei gamal trekyrkje som stod ved Svanøy Hovedgård. Denne vart av ukjende årsaker riven i 1872. Svanøy heitte opphaveleg Bru, som og var namnet til kommunen Bru som seinare vart ein del av Flora kommune. Svanø og seinare Svanøy kom til etter at den danske biskopen Svane fekk landområda på øya i hevd. Hovedgården slik den framstår i dag vart bygd av futen Nagel som hadde sete på garden. Seinare vart garden og øya hovudsete for haugianarrørsla i Sunnfjord, og mange drog til øya for å finne arbeid, mellom anna i koparkisgruvene.

 

Nasjonalt senter

 

Den gong som no er det familien Svanøe som driv hovudgarden, og i dag er det moderne verksemd basert på natur og tradisjonar som rår grunnen. Norsk Hjortesenter på hovudgarden er eit nasjonalt kompetansesenter for forsking og oppdrett av viltlevande hjortedyr. Senteret har eige slakteri, driv opplæring for alt frå viltforvaltarar til kokkar. Garden er og eit opplevingssenter for skuleklassar og andre interesserte. På Svanøy er det og anna næringsverksemd som fiskeoppdrett, kro og bakeri. Svanøy med sine lange tradisjoner er i høgste grad framleis eit levande lokalsamfunn. Les meir

 

CC BY-NC 4.0 Svanøy frå oldtidssamfunn til nasjonalt senter av Oddfrid Cecilie Barlund er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Oddfrid Cecilie Barlund,lærarstudent, 2008
Kommune: Svanøy