Sidemeny+

Surdepla – eit flott område for læring

Posted on 12. mai 2008 by in Planteliv

Foto: Torunn Gro Blomdalcbn

Grindi inn til Surdepla

Leikanger barneskule har eit godt samarbeid med grunneigarane i nærområdet til skulen. Dette har gjort det mogeleg å byggja opp mange fine aktivitetsplassar for dei ulike aldersstega. Ein av desse plassane er Surdepla.

Plassering i kart

Våren 2008 sette skulen av ei veke til eit felles ryddeprosjekt i skogen. Ved å kombinere fysisk aktivitet, naturfag og sosialt fellesskap mellom elevane, sette dei ulike årsstega i gang med sine respektive prosjekt.

«Ut på tur, aldri sur..»

1. årssteg har eit flott uteområde ein knapp kilometer nordvest for skulen, og dette er Surdepla. Vil du vera med 1. årssteget ein tur til Surdepla kan du gjera det her. Det vert fortalt at namnet er sett saman av «sur» og «depla», noko som truleg kjem frå myr og rennande vatn. Ein arm av Henjaveiti, eit gamalt vatningssystem i Leikanger, renn gjennom området. Då me var der og rydda var vassføringa i veiti stor. Litt seinare på våren vil me setja opp eit vasshjul i bekken. På den måten kan me sjå nærare på kva mogelegheiter rennande vatn gjev oss. I tillegg er vasshjulet eit godt utgangspunkt for matematikkundervisning.

Mangfald

På Surdepla er det stor variasjon i treslaga. Me finn mellom anna gran, einer, bjørk, osp, eik, selje og rogn. Eine dagen me var ute vart det stor produksjon av seljefløyter. Sevja hadde stige slik at det gjekk fint å laga fløyter. Dette syntest elevane var stor stas, og det var ivrig speling etterpå. Fløytene måtte sjølvsagt vera med heim i sekken. Har nokon gløymt korleis me lagar seljefløyter kan du finna oppskrift her. Eik er eit av kjenneteikna til Leikanger kommune. Det kjende landemerket, Skrivareiki, står like ved riksvegen ved tinghusanlegget.

På vegen opp til Surdepla går me gjennom ein allé av grantre. Her høyrer me livleg fuglesong. Det er flott for elevane å bli kjend med korleis fuglane i nærmiljøet både ser og høyrest ut.

Ta vare på naturen

Under ryddeprosessen snakka me mykje om kva som ikkje høyrer heime i naturen. Elevane fekk i oppdrag å samla ting som ikkje var på sin naturlege plass, og slik fekk me rydda området for plastposar, gamle mjølkekartongar, matpapir og andre spor etter tidlegare besøk. Området vart rydda i ein fart, og det var god læring i at me ikkje legg igjen bos etter oss når me er ute i naturen.

Aktiv bruk av området

Som avslutning på Surdepla vart det laga ei aktivitetsløype for elevane med ulike utfordringar. Det var kryping, klatring og balansering, og det var full fart i løypa. Dei ivrigaste var gjennom løypa ti til femten gonger. God fysisk aktivitet og spennande løype.

I etterkant av prosjektet skal årsstega laga rapportar for arbeidet som har vore gjort. For elevane på 1. årssteget vert det teikning og arbeid med tekstar på data. Deretter vil vi skanna teikningar og elevarbeid, for å få ei elektronisk utgåve av rapporten som kan leggjast på heimesida til Leikanger barneskule.

CC BY-NC 4.0 Surdepla – eit flott område for læring av Torunn Gro Blomdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torunn Gro Blomdal 2008
Kjelder: Munnleg kjelde: Jan Reidar Njøs