Sidemeny+

Sunnfjord Golfklubb

Posted on 20. mai 2008 by in Landskap

Foto: Pål Arve Myklebustcbn

Hol 9 på Sunnfjord GK

Sunnfjord Golfklubb ligg på Vassenden i Jølster. Bana har 9 hol og ligg særs fint langs Jølstra. Golf er ein idrett som passar for alle, uansett alder!

Plassering i kart

Ein ung klubb
Sunnfjord Golfklubb vart skipa 4.juni 1992. I starten var det planar om golfbane på Bruland i Førde, men dette vart vanskeleg å få til. Etter mange år utan skikkeleg bane så vart det opna 9 hol på Øygardsmyrane ved Jølstra, 4.august 2001. Dugnad og stor innsats frå enkeltpersonar låg til grunn for bana.
[Les meir om historia]

Ein folkesport
Golf har ikkje vore ein folkesport i fylket i tidlegare tider, men no er det stadig fleire som utøver denne idretten.
Klubben har over 500 medlemmer og får stadig fleire aktive golfspelarar. Det vert arrangert turneringar, kurs, sosiale aktivitetar og ein kan få instruksjon av ein golf-pro. Du kan sjølvsagt kome utan eige utstyr, klubben låner ut køller til dei som vil låne. Klubben har medlemmer frå 5 til 75 år, så golf er absolutt ein idrett for alle!

Dei unge er velkomne
Klubben satsar på unge spelarar og stadig fleire deltek. Fleire skular har årlege besøk på golfklubben, der dei får instruksjon og det vert sjølvsagt arrangert konkurransar elevane mellom. Dette er ein aktivitet dei fleste likar godt, sjølv om det er vanskeleg å treffe den vesle kvite ballen i starten.

Mange aktivitetar i området
Dersom du vil koble av med noko anna i tillegg til golf, så ligg Jølstra rett ved sidan av med moglegheiter for rafting og fiske. På vinterstid ligg skianlegget i Bjørkelia klar til bruk med løyper både for alpint og langrenn.

CC BY-NC 4.0 Sunnfjord Golfklubb av Pål Arve Myklebust er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Pål A Myklebust, 2008
Klassetrinn: For alle aldrar
Kjelder: http://www.sunnfjordgk.no
Kommune: Vassenden