Sidemeny+

Storeeika på Lund

Posted on 19. mai 2008 by in Historie

Foto: Astrid Nesbøcbn

Lund

På Lund står ei stor eik, som er fleire hundre år gamal. Eika sin stamme har ein omkrins på 5,5 meter, målt ein meter over bakken. Eika vart tidlegare brukt til landemerke for båtar som gjekk på Nordfjorden. No står Reksnes fyr på Kvieneset.

Plassering i kart

Den store eika


Det er uvisst kor gamal den store eika eigenteleg er. Den har no ein omkrins på 5,5 meter. Toppen av eika er godt synleg når ein er ute på fjorden, og oppe i høgda.  Ein skal kunne skimte toppen på ho heilt i frå Nordfjordeid, som ligg ca. 2 mil innover fjorden. Bilde teke av eika for hundre år sidan, viser eit omtrent like stort tre.


Eika vart tidlegare brukt til landemerke for båtar. Det seiast at det er registrert skipsfart som har navigert etter den på 1600-talet, stemmer dette, er eika sikkert over 500 år gamal.


Eika er mest sannsynleg ei vintereik, sidan den har ein lang stamme, og at den ligg i Nordfjord, men dei to artane sommareik og vintereik kan være svært vanskelg å skilje i frå kvarandre, sjølv for kjende botanikarar.


Lund


Den store eika står på Lund, som er ei grend lengst vest i bygda Stårheim i Eid kommune.  På Lund dreiv dei tidlegare 4 gardsbruk med husdyr, og eit gartneri, no er denne drifta avvikla. Borna her går på Kjølsdalen skule, dermed blir innbyggjarane også knytte til bygda Kjølsdalen. Den vesle staden Lund er rik på kulturhistoriske minner, i tillegg til den store eika finn du også den gamle kommunegrensesteinen her og vikinggraver frå tidleg jarnarlder. Det blei i 1996 reist ein bauta på Lund.


Grenssteinen for gamle Eid-Davik kommune


I vest grensar Lund til Reksnes i bygda Kjølsdalen. I Kleiva, på den gamle riksvegen mellom Lund og Reksnes, står den gamle grensesteinen for gamle Eid og Davik kommune. Davik kommune vart oppløyst i 1964, og bygda Kjølsdalen vart då tilknytt Eid kommune.



Vikinggraver


På Lund er det gjort mindre funn i ei gamal vikingrav frå tidleg jarnalder, her er også registrert ei vikinggrav til, som ikkje er utgravd.


Bautaen på Lund


Stadnamnet Lund er i ferd med å forsvinne, og det er få som i dag har etternamnet Lund. Derfor vart det i 1996 reist ein bauta på Lund, for å prøve å bevare namnet. Bautaen har innskrifta LUND 1996 og det gamle gardsmerket.


 


 

CC BY-NC 4.0 Storeeika på Lund av Astrid Olaug Nesbø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Astrid Nesbø, 2008
Klassetrinn: Grunnskulen
Kjelder: Kjølsdalen krins utviklingslag Fylkesleksikon Kultturhistorisk rundreise Lokal kjende personar
Kommune: Lund