Stølsveg med historie
Eikefjordstøylen er i dag eit mykje brukt turmål både for skuleelevar og bygdefolk. Bak nokre av dei raude skilta oppover liane, ligg det historier som fortel litt om alvoret bak stølsdrifta for over hundre år sidan.
Plassering i kart
Stigen
Stigen til Eikefjordstøylen startar på Øvrebøen, der ein raskt kjem til første skilt med namnet Reiele. Dette var vegen ein køyrde med hest før bilvegen og bilane kom til Eikefjord. Stigen til støylen er godt beskriven på eikefjord.net. Du kan og sjå stigen oppover på fotostoryen her.
Stølsdrift
I Eikefjord og bygdene rundt om på Vestlandet dreiv gardane med stølsdrift om somrane i tida fram til omlag 1955. Ein var avhengig av å ha kyrne på beite i fjellet. Det medførte at ein måtte mjølke på fjellet. Mjølka måtte anten bearbeidast til smør eller ost, eller berast ned til garden kvar morgon og kveld. Nokre av jentene overnatta i selet, medan andre måtte gå opp og ned morgon og kveld. Kvinnfolka måtte vere på garden for å ta seg av matlaging, husstell og vere med i slåttonna.
Holk og ambar
Mjølka bar dei på ryggen i holkar. Det var spann med lokk og reimar til å hengje på ryggen. Rømme og smør bar dei i ambarar, som var bytter med lokk laga av tre. Desse bar dei i hendene eller hengde på armen.
Spøtekrok
For å nytte tida fullt ut, strikka eller spøta kvinnene når dei var ute og gjekk. Tida det tok å gå til støls vart og nytta med spøtet i hendene. I forklebeltet hang det ein spøtekrok som heldt garnnystet fast. Dermed var hendene fri til å spøte.
Lussi
Eit segn fortel om ei gammal budeie med namnet Lussi frå Eikefjord. Ho gjekk på Eikefjordstøylen og mjølka. Ein kveld ho kom springande ned frå støylen med holk på ryggen, ambar på armen og spøtet i hendene, gleid ho på dei glatte steinane i Lussiræva. Ho datt og miste rømmeambaren. Rømma rann nedi Rømmeskôra og vidare til Rôtehillaren, der rømma rotna. Av dette segnet seiest det at namna Lussiræva, Rømmeskôra og Rôtehillaren kjem.
Stølsveg med historie av Irene Knapstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.