Steinkrossen på Svanøy
Du treng ikkje fare langt avgarde, dersom du ynskjer vitje kulturhistoriske stadar med spor frå vikingtida om du bur i Sunnfjord. Ved kyrkjegarden på øya Svanøy står det nemleg ein diger steinkross, som stammar ifrå brytningstida mellom den norønne og kristne tid.
Plassering i kart
Svanøy
Svanøy ligg ytst i Førdefjorden og er den sørlegaste øya i Flora kommune. Det er funne spor frå busetjing på øya sidan heilt tilbake til 2000 år f.v.t. Det opphavlege namnet på øya var Bru, men vart endra til Svanøy i 1685 til minne om den danske erkebiskopen Svane som hadde eigd Svanøy hovudgard. Øya har i dag omlag 100 innbyggjarar. Næringslivet består hovudsakleg av gardsbruk, fiskeoppdrett og eit kompetansesenter for hjort.
«St Olavskrossen»
Det har vore kyrkje på Svanøy sidan tidleg 1100 talet. Den opphavlege stavkyrkja vart erstatta med ei korskyrkje i 1657, men i 1872 vart ho riven og ei ny kyrkje vart bygd i Stavang. «St Olavskrossen» står i nærleiken av klokketårnet ved den gamle kyrkjegarden. Krossen er om lag 2 meter høg og 1,25 meter brei og har eit hol i midten. Krossen er ein av 4 steinkross i Noreg med runer på. Runene tilseier at krossen er frå slutten av 900 talet, seinast byrjinga av 1000talet. Segna seier at krossen vart reist av Heilage Olav i Brandsøya, men at den seinare vart flytta til Bru.
Runene på krossen
Den første som undersøkte krossen, var grunnleggaren av Bergens Museum W.F.K Christie. Han skreiv om sine undersøkingar i eit tidsskrift i 1842, at det var teikn av strekar som truleg var runer, men at han ikkje kunne tolke dei sjølv. Først i 1954, over hundre år etter vart mysteriet med runeskrifta løyst, da omsetjaren Aslak Liestøl tolka runene og kom fram til orda, «Tordr let reise denne krossen etter ……» Det siste namnet greidde han ikkje å tyde. Denne oversetjinga har ført til at teorien, om at krossen vart reist av Heilage Olav sjølv, har fått eit skot i baugen. Biskopen og kyrkjehistorikaren Fritjov Birkeli, ein av Noregs ekspertar på innføringa av kristendommen i Noreg, var av den oppfatning at krossen truleg var oppretta av ein lokal høvding frå distriktet. Men på folkemunne vert likevel krossen framleis referert til som St Olavskrossen.
Guida turar på Svanøy
Om du vil sjå steinkrossen sjølv og høyre om Svanøy si rikhaldige lokalhistorie, så vert det arrangert guida turar på øya. Då kan du også i tillegg få besøke hjortefarmen på øya. Du kan lese meir om dette her.
Steinkrossen på Svanøy av Thomas Wefring er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.