Steinbrotet på Stakaldeneset
På Stakaldeneset ligg et steinbrot frå steinalderen. Det vart brukt til å ta ut diabasstein til å lage økser og anna reiskap av. Stein frå denne plassen er funnet frå Nordland til Jæren. Når du skal undervise om steinalderen kan det være kjekt og nyttig å vise kor dei som levde på den tida fekk tak i det dei laga reiskap av. Det er ikkje utenkeleg at stein frå Stakaldeneset er brukt når dei jakta blant anna i Ausevika og laga helleristingane som vi finn der.
Plassering i kart
Oppdaginga av steinbrotet
Amatørarkeologen Svein Brandsøy oppdaga brotet sommaren 1976. I 1977 vart den granska av arkeologar frå Bergen. Dei fann ut det har vore gruvedrift på Stakaldeneset i meir enn 4000 år, frå ca 6500 f.Kr. til ca 2000 f.Kr. Før denne gruva vart oppdaga, trudde arkeologar og andre at dei som levde langs kysten her i steinalderen, fekk slike steinemner frå eit steinbrot i Bømlo. Om steinbrot og andre fornminne i Bømlo kan du lese meir om i artikkelen her. For oppdaginga si fekk Svein Brandsøy Fylkeskulturprisen i 1985.
Sjølve gruva
Diabasgruva er truleg Noregs eldste industrisamfunn. Det er tre hovudbrot på Stakaldeneset, to nede ved sjøen og eit om lag 135 meter lenger oppe. Funnstadane har holdt seg godt siden det er ulendt terreng og lite med folk og dyr i området. Gruva er om lag 2 meter brei, 600 meter lang og nokre plassar opp til 10 meter høg. Det er funne masse steinavslag og restar etter emne som er blitt forkasta, både i gruva, nede ved sjøen og på andre plassar som til dømes i Brandsøya. At det er gjort slike funn andre plassar enn ved sjølve gruva kan kanskje tyde på at det var «lokale verkstader» rundt om kring, så det er bare å begynne å leite etter spor.
Reiskap i steinalderen
I steinalderen var våpen og reiskap laga av stein, bein og tre. Siden stein er det hardaste materialet her, skjønner vi at gode steinemner var viktige for menneska for at dei skulle kunne lage best mogeleg våpen til blant anne jakt. Steinreiskap blei forma ved å bruke slag, press og sliping. Dette og mange andre ting om levemåten i steinalderen kan du lese om her. Steinalderen i Noreg kan du lese om her.
Diabas
Diabas er ein vulkansk bergart. Steinen frå Stakaldeneset har ein mørk grønfarge, med kvite krystallar enkelte plassar. Det gjer det lett å bestemme reiskapar som kjem herfrå. Det er ein hard steinsort, som gjer den godt eigna til å lage reiskap av. Vil du lese meir om diabas eller andre steinsortar, kan du klikke her.
Steinbrotet på Stakaldeneset av Bjørn-Henrik Knapstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.