Sidemeny+

Solidaritet

Posted on 23. mai 2008 by in Pedagogikk, Skular og barnehagar

Øyrane vidaregåande skule i Førde har sidan 2005 hatt eit solidaritetsprosjekt med ein skule i Malawi

Elevane ved Øyrane vidaregåande skule har eit samarbeidsprosjekt med ein skule i Malawi. Dette er eit solidaritetsprosjekt skulen er med på i staden for det årlige operasjon dagsverk.

Våren 2005 starta Øyrane, i samarbeid med Flora kommune eit solidaritetsprosjekt med Nkhotakhota Upper Secondary School i Malawi. Malawi er ei av verdas fattigaste land med stor førekomst av Hiv og aids. Forventa levealder ved fødsel er ca. 40 år. I 2005 reiste tre lærarar og to elevar til Malawi. Der blei det underteikna ein vennskapsavtale med skulen i Malawi og Øyrane vidaregåande skule. Dette er ein avtale som går ut på å drive kulturutveksling for å lære kvarandre betre å kjenne. Vår skule har bidratt til fleire bøker på skulen, madrassar i sengene og fleire datamaskiner på skulen. Vi har og hjelpt fleire elevar med mat. For 500 norske kroner pr år kan ein student gå på skule og få mat, noe å tenke på..
Øyrane vidaregåande skule har arrangert loppemarknad ein gong i året, restaurant og matfag har laget raspeballar til middag for sal same dag. Elevar har med ulike arrangement vore med på å samle inn pengar, sal av bollar. innsamlingsbøsse o.l. På den måten har skolen samla inn pengar. Elevane har vist stor innsatsvilje til å vere med på dette. Som faglærar ved helse og sosial synes eg det er interessant å vere med på dette og bileta frå Malawi gjer stort inntrykk. Dei viser ein enorm glede og takksemd over den hjelpa dei har fått.
I januar i år blei det opna ein internett cafe i Nkhotakota, det er det einaste offentlege tilbod i distriktet som har omlag 250.000 innbyggarar.

I 2008 ble det oppretta eit samarbeid med Førde kommune og ein skule i Ntchisi District i Malawi. Elevar og lærera var der i april i år og det blei underteikna ein vennskapsavtale/ partnerskapsavtale.Denne avtalen går blant anna ut på å forbetre dei sanitære forholda ved skulen. Gjennom desse prosjekta kan menneska i Malawi lære oss noe om respekt for andre kulturar og gleda deira til tross for fattigdom. Til no har elevar og lærera vore i Malawi fire gonger. Dette har vore ein stor oppleving både for lærera og elevar. Det har blitt tatt bilete og film som har blitt vist for resten av skulen slik at vi alle på ein måte får ta del i det.

CC BY-NC 4.0 Solidaritet av Anita Loe Laberg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anita Loe 2008
Klassetrinn: IKT for lærere
Kjelder: Øyrane vidaregåande skule
Kommune: Øyrane vidaregåande skule