Skulesamarbeid over landegrenser
Kelme er Flora kommune sin venskapskommune i Litauen. I dette inngår også eit samarbeid mellom skular der Florø barneskole har eit samarbeid med ein skule i Kelme. Samarbeidet har m.a. som mål å få kjennskap til landet si historie, språk og kultur.
< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Plassering i kart
Venskapskommunen Kelme
Flora kommune inngjekk ein samarbeidsavtale med Kelme i Litauen i 2001. Kelme er såleis ein av venskapskommunane til Flora. Avtalen innebar at kommunane skulle samarbeide innanfor lokaldemokrati, forvaltning og kulturarbeid. Eit anna viktig fokus var ungdomsutveksling. Skulane som inngjekk i dette samarbeidet var Florø barneskole, Flora vidaregåande skule og Kulturskulen. Florø barneskole underteikna den første samarbeidsavtalen i 2002. Ny avtale vart signert i 2004.
Lioliai Basic School
Lioliai Basic School er namnet på skulen som Florø barneskole samarbeider med. Skulen har i overkant av 100 elevar frå 2. til 10. klasse. Det er såleis ganske stor skilnad på størrelsen på skulane sidan Florø barneskole er ein skule med vel 500 elevar frå 1. til 7. klasse.
Samfunnet i Kelme har ein del sosiale utfordringar der skulen spelar ei viktig rolle. Mellom anna får svært mange av elevane eit gratis, varmt måltid på skulen kvar dag. I tillegg har dei mange tilbod til elevane etter skuletid som t.d. kunst, musikk, dans, drama, idrett og IKT. Skulen har også starta eit førebyggande prosjekt for å halde ungdommane borte frå gata og dei problema dette kan medføre.
Skulesamarbeidet
Ein av samarbeidsmåtane er brevveksling mellom elevar på engelsk. Sidan elevtalet er så ulikt har vi valt ein 3. klasse og ein 7. klasse hos oss som brevvekslar med elevar på om lag same nivå i Kelme. Kvar av elevane i desse klassane har sin faste brevvenn i Kelme.
Samarbeidet mellom skulane inneber også at lærarar og elevar frå skulane besøker kvarandre annakvart år. I 2008 har Florø barneskole hatt besøk frå Kelme av to lærarar og to gutar på 15 år. Gutane var innkvartert privat hos same familie. Same opplegg var det for to lærarar og to elevar frå Florø barneskole då dei besøkte Kelme for to år sidan. Det er elevar frå 7. klasse som har fått reise frå vår skule.
Elevengasjement
Florø barneskole har hatt fleire innsamlingar der pengane har gått til skulen i Kelme. Døme på slike innsamlingar er inntekter frå julemarknad der elevane har laga ting og selt dei vidare til familie og vener. Vi har hatt aktivitetsdagar der inngangspengane for ein stor del har gått til Kelme.
Orientering mot vesten
Skulen i Kelme har innført obligatorisk opplæring av engelsk allereie frå 2. klasse. Til samanlikning startar dei opplæringa av russisk frå 6. klasse. Opplæringa av eige språk og kultur har høg prioritet etter mange år med russisk styre. Litauen var under russisk herredøme frå 1940 og heilt fram til 1991, bortsett frå i tida mellom 1941 til 1944 då Tyskland okkuperte landet. Litauen vart medlem av FN i 1991. I 2004 vart landet både medlem av NATO og EU.
Skulesamarbeid over landegrenser av Kirsten Grotle er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.