Sidemeny+

Skulehistorie i lokalsamfunnet

Posted on 21. mai 2008 by in Skulehistorie

Foto: Ytredal, Ann-Mari Astadcbn

første byggetrinn anno 2008 med idrettsbana i bakgrunn

I 1739 fekk vi den første norske skulelova som hadde som mål at alle born skulle læra å lese, skrive og rekne. Undervisninga gjekk føre seg på omgangsskule, og i Kyrkjebø krins som Høyanger høyrde til var det seks slike krinsar. Etterkvart vart det bygd fastskular kring i soknet, og i Høyanger fekk fastskule i 1898.

Plassering i kart

Frå omgangsskule til fastskule

 

Då skulelova kom 23. januar 1739 vart Kyrkjebø sokn delt inn i seks krinsar, tre på sørsida av fjorden og tre på nordsida. På nordsida var det område frå Nordre Vikum – Hovden, frå Klevald – Indre Berge og til krinsen i Høyanger var det områda Øren,(H)Jetland, Håland, Dale, Sæbø, Måren og Måredal. Desse tre krinsane delte på lærar Johannes Ivarson Ramsli. I Lavik fekk ein fastskule frå 1835, Kyrkjebø i 1868 og i Høyanger 1898. Skulehuset i Høyanger vart bygd på Hjetland, og det romma og bustad for læraren.

 

Anleggsdrift og folketalsauke

 

I 1916 starta industriutviklinga i Høyanger, og frå å vere ei gardsgrend til ein industristad auka og trongen for større skulelokale ettersom barnetalet auka mykje. I starten måtte ein leige lokale ymse stadar, før ein fekk nytt skulebygg i 1923- bygget som i dag rommar delar av barneskulen i Høyanger. Denne delen av skulen kan difor i år feire 85 år´s jubileum.

 

Frå bygd til «by»

 

Tanken om å innføre «byskuleordning» – der borna skulle gå på skulen kvar dag førte til at ein måtte bygge enno eit skulehus. Delar av dette vart oppført i 1932, og det inneheld mellom anna ein eigen fløy med gymnastikksal. Planen var at det skulle byggjast symjehall under gymnastikksalen, men dette vart aldri realisert. Bygget vart ikkje heilt fullført, og først i 1947 – 48 vart den delen som vendar ned mot idrettsbana bygd på. Frå ca 1932 vart mykje av bygget nytta som lokale for yrkesskulen heilt fram til utpå 1960-talet. I krigsåra vart skulebygget brukt av tyskarane til innkvartering av soldatar.

 

Frå krins til kommunesenter

 

I 1964 vart Kyrkjebø kommune som Høyanger var ein krins av, slegen saman med Lavik. Krinsindelinga og kommunesamanslåingane kan ein lese meir om på fylkesleksikonet. Det nye kommunesenteret vart Høyanger og kommunenamnet Høyanger.

 

Frå utkantskule til sentrumsskule

 

På slutten av 1950- talet vart det i Noreg innført prøveordning med 9-årig skule, og på byrjinga av 1960-talet vart 7-årig folkeskule og realskule til eit skuleløp med obligatorisk 9-årig grunnskule. I Høyanger vart dette innført i 1966, og elevane frå Høyanger gjekk 6+3 år. Elevane frå krinsane gjekk 7+2, dei sju første åra i eigen krins og dei to siste åra på sentrumsskulen i Høyanger. Dei måtte då flytte heimanfrå, og trongen for internat knytt til skulen kom. i 1968 vart denne bygd samstundes med symjehall. I dag vert internatet brukt til administrasjon og kontor for lærarane på Høyanger , samt barnehage.

 

Fagleg innhald

 

Skulehistoria er berre ein liten del av den spannande historia til Høyanger som spenner over ein ikkje for lang periode. Elevane må bli kjende med eiga bygd, og korleis ho har utvikla seg frå gard til industristad. Kvifor vart denne veglause bygda til det ho har vorten i dag? Høyanger sin kontakt med omverda? Vegutløysing? For å nemne nokre.

 

Korleis jobbe vidare med lokalhistorie

 

Ved å besøke Industristadmuseet i Høyanger kan ein få ei flott innføring i utviklinga av lokalsamfunnet. Det finnes mykje biletmateriale, ikkje minst i fylkesarkivet som ein kan ha som utgangspunkt for å jobbe med emne om heimstaden. Nokre døme på spannande tema er; parken, trappene til fjellet med trallebana i Dalen, gamle segn om Høyang Bjørn. Kvifor vart det ikkje bygd kyrkje i Høyanger før i 1960? Ein kan og ved avtale kunne besøke kraftmuseet som ligg på Hydro sitt område. Korleis påverkar industrien miljøet? Ein kan bruke mange vinklingar  i skulen, og det meste kan tilpassast dei ulike nivåa.

 

 

Dersom ein går inn på Høyanger kommune si heimeside og vidare på «om Høyanger« vil ein finne ein film «a great place to be» laga av Lars Jonas Pedersen, POW!Productions

CC BY-NC 4.0 Skulehistorie i lokalsamfunnet av Ann-Mari Alstad Ytredal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ann-Mari Astad Ytredal, 2008
Klassetrinn: grunnskulen mm
Kjelder: Leirnes, Leiv og Førsund, Sigurd , Skulesoga for Kyrkjebø, 1978 Bygdebok for Kyrkjebø, band 2, 1963 Fylkesarkivet Sogn og Fjordane NRK.no - fylkesleksikon
Kommune: Høyanger