Sidemeny+

Segna om St Sunniva og Borni

Posted on 15. mai 2008 by in Immateriell kulturarv

For over 1000 år sidan rømde Dronning Sunniva med folket sitt frå Irland. Det vart storm og uver, og følgje hennar held på å gå ned.

Plassering i kart

 

sagaøya Kinn lengst ute i havgapet i Sogn og Fjordane blir det kvart år, i midten av juni sett opp eit spel som heiter Songen ved det store djup. I dette spelet får vi høre segna om St Sunniva og Borni, og om korleis kyrkja på Kinn vart bygd.

 

Segnet om St Sunniva
Sunniva var Kongsdotter av Eirins land i Irland. Folket likte Kongen sin og det herska fred i landet. Ein dag vart Kongen sjuk og døydde, og Sunniva vart dronning og skulle herske over folk og land. Ikkje lenge etter kom det vikingar til landet. Dei røva og brende det dei kom over og for stygt med folket. Vikinghøvdingen Ramn ville ha Sunniva til kone og bli Konge i landet. Dette kunne ikkje Sunniva gå med på. Ho rømde til havs og tok folket sitt med seg. Dei flykta i båtar og lot Gud styre dei dit han ville. Det vart uver og båtane vart skilde. Dronning Sunniva dreiv i land på Selje. Ho vart helgen, og her vart Seljeklosteret bygd.

 

Segnet om kyrkja på Kinn
I følget til Dronning Sunniva var terna hennar Borni. Då det storma som verst lova Borni at dersom dei vart redda skulle ho byggje ei kyrkje der ho dreiv i land. Båten der Borni var stranda på Kinn. Då ho kom i land lurte ho på kva ho skulle byggje kyrkja av. Her var øde, og ho fann verken stein eller tre ho kunne bruke. Segnet seier at ein tusse hadde høyrt kva ho hadde lova. Han sa til Borni at han kunne byggje kyrkja for ho dersom ho lova å gifte seg med han. Borni ville ikkje bli kona til tussen, men ho såg ingen annan utveg, derfor sa ho ja. Etter kvart som tussen bygde vart Borni neir og meir lei seg over at ho hadde lova å gifte seg med tussen. Ho spurde han om å få sleppe. Han sa at dersom ho greide å gjette namnet hans før kyrkja var ferdig skulle ho sleppe. Då berre spiret på kyrkja stod igjen gjekk Borni ein tur. Plutseleg høyrde ho frå berget; hysj, ver roleg barn. I dag kjem han Vindfløy med den nye kona si. Borni sprang ned til tussen og ropte; pass deg no Vindfløy, så du ikkje ramlar ned. Tussen vart så overraska over at ho hadde gjetta namnet hans at han ramla ned og slo seg ihjel. Sånn har det seg at Kinnakyrkja vart bygd, og at ho ikkje har spir.

 

Ein spanande ide
Desse segna har vore fortalt i mange generasjonar. I 1980 vart ideen om eit sogespel med bakgrunn i desse legendene tend hos Sokneprest Odd Stubbhaug. Han tende også andre med ideen sin. Sogn og Fjordane Teater og Rolf Losnegård fekk oppdraget med å skrive stykket. Spelet vert ramma inn av naturen og den mektige musikken som komponisten Janke Jørgensen har laga. Koret som syng fungerer og som kulisse i spelet. I 1983 vart det premiere på spelet som heiter Songen ved det store djup. Det vart ein stor suksess. Etter det har spelet vore sett opp kvart år i midten av juni. Folk kjem reisande langveges frå for å få med seg det fantastiske spelet på den segnomsuste øya Kinn.

 

Songen ved det store djup
Soga startar i det herrens år 1537. Hendinga er lagt til innføringa av reformasjonen, og kampen mellom ny og gamal tru er sentral.

 

Det er Seljumannamesse, og folket på Kinn er samla i kyrkja. Då dei kjem ut ser dei at det kjem ein flokk væpna menn oppover mot kyrkja. Det er fogdens menn som kjem med bod frå Kongen av Danmark om at Norge frå no av skal reknast som ein dansk provins. Det norske folk skal bli danske. Futen seier og at Pavekyrkja si tid er over, og at det no berre skal preikast Luthers lære. Han tek nøkkelen til kyrkja og les ho. Den snille presten som folket er så glad i kan få halde fram som prest dersom han vender om og preikar Luthers lære. Borni dotter til Eirik Prest ber far sin stå imot og halde på trua si. Den trua han har lært ho å bli så glad i. Borni fortel legenda om St Sunniva og Borni som stranda på Selje og Kinn for over 1000 år sidan, i håp om at faren skal sjå kva som er rett å gjere. Borni er sterk i trua. Fortvila over faren og folket si tvil rømmer ho til fjells med eit sverd i handa. Folket leitar etter henne heile dagen. I kveldinga finn dei henne i hola ved det store stupet. Ho har teke livet sitt. Ei tiggarjente kjem ned frå fjellet. Ho fortel at ho såg eit kors som lyste som gull over hola der dei fann Borni. Tiggarjenta ber Fogden om å få nøkkelen til kyrkja. etter ei stund får ho den. Ho gir den til Eirik Prest. Han har no sett kva som er riktig. Han og frilla hans Margrete tek til seg tiggarjenta, Sygni som si eiga dotter.

 

Songen ved det store djup vert framført på ei scene ved den gamle kyrkja på Kinn. Les meir om kyrkja her: http://www.geoatlas.no/admin/templates/showitem.aspx?article_id=7449  Den mektige naturen på denne øya i havgapet rammar inn spelet på ein heilt spesiell måte, og gjer det heile til ei oppleving du ikkje gløymer. I år vert spelet sett opp laurdag 21. juni og søndag 22. juni.

 

CC BY-NC 4.0 Segna om St Sunniva og Borni av Charlotte Nygård er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Charlotte H. Nygård, 2008
Klassetrinn: alle
Kjelder: "I ramnens skugge" av Rolf Losnegård, Kinn Forlag 1994 Nettsida: www.kinnaspelet.no, floraskulen.no/fagsider/samf_fag/kinnakyrja4.htm, http://nn.wikipedia.org/wiki/Selje_kloster
Kommune: Kinn