Samarbeid bygd- skule

Laksefiske 2007
Dette er eit undervisningsopplegg som så vidt er kome i gong våren 2007. Opplegget har laksefiske, historie/kultur og Folkesti. FabelAktiv er støttespelarane som underviser elevane i laksefiske og kasting med flugestang. Unn Karin Kleppe og Olav Johan Mo tek seg av den historiske/kultur delen.
Plassering i kart
Fisking
Det er elevar på 7. klassesteg kvart år som kan nytte dette opplegget. Det er styrt av FabelAktiv og grunneigarane Unni og Harald Leirvik. Dei har også fiskerett til elva Gaula, i Gaular kommune.
Osen gard
Grunneigarane på andre sida av elva er Unn Karin Kleppe og Olav Johan Mo. Dei syner fram turstig og historie knytta til garden sin. På garden deira har det vore gjort fleire funn frå Vikingtida. Gaularspelet, er eit sogespel som vert spelt på garden deira annan kvart år. Det er ei historie som er skrive om frå Vikingtida. Dei siste åra har det samstundes med framføring av spelet, vorte gjennomført ein Vikingfestival. Dette er og kommunen sin 1000- årsstad.
Folkesti
Det er og opparbeidd ein Folkesti på eigedommen. Det er helselaget som står bak, med idrettslaget som støttespelar. Skulen brukar området til utedagar. Det er mykje hjort i området og ein gammal ospeskog som kvitryggspetten hekkar.
Skule- bygd
Planane er at kvart år i juni vil elevane på 7. klassesteg få ei innføring i dette. Målsetjing for arbeidet med lokalt læreplanarbeid og entreprenørskap, er å utvikle positiv identitet for eiga bygd, samt det å lære å sjå kva som er det unike og særeigne for bygda.
I Bygstad har vi selskapet Vikingfjorden, dette er ulike aktørar som er knytta opp mot kommunen og kan dette med sakshandsaming og søknad om midlar. Vi tenke at det er viktig at skulen vert trekt inni slike prosjekt og at vi kan vere viktige samarbeidspartnara for dei og omvendt. Elevane får kompetanse og dei vert stimulerte til å sjølve vere med å skape, og å sjå det særeigne i bygda, og tenke nytt.
Samarbeid bygd- skule av Anne-Lise Nistad Ekehaug er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.