Sidemeny+

Sagaøya Kinn

Posted on 15. mai 2008 by in Immateriell kulturarv

Øya Kinn ligg 15 km rett vest for Florø og er lett gjennkjenneleg med sin ville, frodige natur, bratte fjellsider og ikkje minst Kinnaklova, som har vore eit landemerke for fiskere og sjømenn i uminnelege tider. Men øya skjuler og ein spennande historie med sagn om helgener og om korleis den vakre, gamle steinkyrkja frå 1100-talet vart bygga akkurat her.

Plassering i kart

Historie
På Kinn har det vore busetnad så lenge ein veit, og store mengder beinrester er funnen på øya. Første sikre spor etter busetnad er frå sein jernalder, om lag 400 e.kr. Det er gjort mange og store historiske funn på øya, men få er granska og tidfest. Kinn var lenge sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane, med meir enn 6.500 innbyggjarar i 1860. I 1964 var sjølvstendet slutt, og Kinn vart ein del av Flora kommune. I dag er det få fastbuande på øya, men øya er godt besøkt av turistar, pilgrimmar og sjøfarande, og faste båtruter går framleis i trafikk frå fastlandet.

 

Kinnaspelet
Mest besøkt er nok det årvisse spelet som vert sett opp på Kinn. Kvar sommar kjem tusenvis av reisande for å sjå og høyre om Borni og soga om øya. Spelet settast opp ute under fjellhammaren, med flott natur og den gamle stein-kyrkja som kulissar. I fjellsida er det bygd opp tribunar som fyllast uansett vær og vind. Gå inn på http://www.kinnaspelet.no/ for å lese meir om spelet.

Segn
Mykje av historia til Kinn er omspunne av myter og segn. Soga om Borni, som Kinnaspelet byggjer si historie på, må sjåast i samanheng med soga om Sta.Sunniva. Heilt attende til 1170 finn vi Kinn nemnd i nedskrivne soger om Sunniva og Seljumennene. Den kristne helgenen Sta. Sunniva skal ha kome i land på Kinn med følgjet sitt, og mange heilage under skal ha funne stad her. Sjølv om segn og historie er blanda i denne samanhengen, er det lite tvil om at Kinn og Selja har ein felles historisk bakgrunn. Soga om Borni, som var ei kongsdotter i følgjet til Sunniva, er sentral i historia om Kinn. Les meir om dette på i artikkelen om Segna om St Sunniva og Borni.

 

Kyrkja
Mange meiner at kristne eremittar og keltiske misjonærar har søkt til Kinn, og at dette er årsaka til at det vart bygd ei kyrkje her. Medlemmer av klosterrørsler på 8- 900 talet søkte ofte einsemd og fred på avsidesliggjande øyer. Dei sette seg i båter og let seg drive dit Gud ville. Dette minner jo om St. Sunniva legenda, og det er ikkje utruleg om desse har nådd heilt til Kinn. Den eldste delen av kyrkja på Kinn er truleg frå 1100-talet, med koret bygd om lag eit halvt århundre før skipet, men dateringa er vanskeleg. Les meir om kyrkja på

 

Kvifor vart ei slik kyrkje bygga på ein slik avsides stad, kan ein undras?
Kinnakyrkja er den einaste steinkyrkja i Sunnfjord, og det er framleis eit mysterium kvifor ei så stor kyrkje vart bygga på ein stad som dette. Fordi ein ikkje har sikre kjelder, knytter det seg sjølvsagt legender og segn til byggjinga av kyrkja, men vi kan og finne meir logiske forklåringar til plasseringa. På denne tida var det sjøen som batt saman, og Kinn ligg ved farleia langs kysten. Dette var og pilgrimsveg frå kyrkje til kyrkje på ferda til Nidaros. I tilegg var øya eit senter for sildefiske, og mykje folk samlast her.

 

Kinn i dag
I dag er kyrkja scene for mangt eit giftarmål, og heile øya er eit populært turistreisemål. Mange finn det verdt å ta turen opp til landemerket Kinnaklova, fjellet som ser ut som det er delt i to av ei øks og der ein kan skode langt vest i havet. Øya er framleis ein populær stoppestad for folk som kjem sjøvegen og fiskare som treng ly for vinden, og framleis, etter 23 år, dreg Kinnaspelet i juni tusenvis av menneske til øya. Vil du besøke øya kan du få mange tips på  http://www.kinnguide.no/

CC BY-NC 4.0 Sagaøya Kinn av Torhild Madsen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torhild Madsen,2008
Klassetrinn: alle
Kjelder: Flora - kulturhistorisk vegvisar, Harald J stavang, Selja forlag 1999 www.Kinnaspelet.no www.kinnguide.no
Kommune: florø