PANORAMABYGDA
Kulturminne og haldepunkt i bygda
Plassering i kart
Randabygda/Hopland er ei aktiv bygd med særpreg som strekkjer seg frå fjord til fjell. Ein kan køyre den fortrollande riksveg 613, Panoramavegen mellom Stryn og Eid og oppleve ein mangfaldig og vill natur. Bygdefolket som lever i denne fantastiske Nordfjordperla, har av enkelte vorte utropt som kulturprisvinnarar for det arbeidet som vert nedlagt av bøndene i eit tungdreve landskap. Her er det ikkje snakk om å gjere slåtten unna på dagar men veker. Ikkje alle har eingong pause mellom 1. og 2. hausting!
Her finn vi barnehage, skule, kyrkje, nærbutikk ved kaia, støylar, kulturminne og mykje natur.
RANDABYGD KYRKJE
Den fine trekyrkja ligg nede ved sjøen. Dette er ei langkyrkje som vart bygd i 1916 og har 260 plassar. Same året som kyrkja vart bygd vart altertavla laga av Ferdinand Kiærulf Tranaas. Jens Sølvberg frå Bryggja var arkitekt og Rasmus Olsen Gald var byggmeister.
STØYLANE
Bygda har fire flotte støylar som delvis er inndelt etter grannelag. Hopland har Initun- og Utitunstøylen, Åland har Ålandsstøylen og Randabruka med fleire har Randastøylen. På Randastøylen finn vi framleis budeie og støylsdrift om sommaren. Støylane er eit kulturminne i seg sjølv. Her kan ein verkeleg oppleve ro, dyr som beitar på støylskvia og eimen av sommar og brenn-nesle som strekkjer seg frå dei gamle møkadungane ved fjøsa.
GLITTEREGGJA
Vil du høgare til fjells, er Glittereggja ein nydeleg utsiktspost når veret tillet det. I ei høgde på 1297 m.o.h kan du sjå fjellformasjonar lenger enn til dei nærliggjande kommunane Hornindal, Eid, Stryn og Gloppen.
Meir informasjon om desse og mange andre støylar kan ein finne i Kjell Råd sine bøker «Støylar i gamle Innvik og Utvik sokn» og «Støylar i gamle Vereide sokn».
PANORAMABYGDA av Anne Maren Takle er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.