På skuletur med Galeasen Svanhild

Galeasen Svanhild ved Rugsund Handelsstad
Klasse 7a ved Florø barneskole bytte bort «storby-tur» med sjøsprøyt og tjærelukt. Reisemålet var kystperla Rugsund Handelsstad.
Ein kulturskatt
Galeasen Svanhild er eit kjent og kjært innslag ved Amtskaia i Florø. Vi kjenner alle til den eventyrleg flotte seglskuta, men eit fåtal av ungdomane har nytta høve til å gå ombord. Galeasen Svanhild vart bygd i 1889, opphavleg som Hardanger-jekt. Skuta er litt i overkant av 76 fot lang og med ei breidd på 21 fot. Den lengste mastra er om lag 26 meter høg. Lasterommet inneheld bysse og rikeleg med køyplass. Byggjemateriale er i hovudsak furu og det meste ombord er satt inn med tjære.
Sjøvett og historikk
«Som seg hør og bør» skal ein klassetur innehalde ein viss dose med lærdom, helst knytt til mål i læreplanane. Skippar Stein Arve Olsen gav oss grundig innføring i godt sjøvett og i Galeasen Svanhild si lange og innhaldsrike historie. Vi fekk høyre om ulike ombyggingsprosjekt, fiskefrakt, jordomsegling og film innspeling.
«Sjømannshusflid»
Som mannskap på ei skute må ein kunne behandle tauverk og tauarbeid. Eit minimumskrav var å få til ein Endespleis (på folkemunne kalla for kødd eller kattkuk). Vår læremeister var Bjørn Korneliussen «Kystknuten» frå Florø. Vi fekk lære Endespleis, Augespleis, Kortspleis, Hanefotspleis og Apehand (the monkey`s fist). Vi tok i bruk dei ulike teknikkane til å lage fine serviettringar og nøkkelringhaldarar.
«Lærekøyring»
Dei som hadde lyst fekk prøve å stå ved roret og manøvrere skuta nordover i Frøysjøen. Skipper Olsen gav ein kort innføring i reglementet til sjøs, så var det å ta tak i tauverket og halde stø kurs i leia.
Hornelen
Etter ein seilas på om lag to timar passerte vi Hornelen, den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. Hornelen er eit ynda mål for turgåarar. I følgje segnene er det og ein ynda tilhaldstad for hekser.
Rugsundet
Vi kunne ikkje følgje den tradisjonsrike leia inn Rugsundstraumen. Rugsundbrua vart for låg for vår farkost. Av den grunn måtte vi gå rundt heile Rugsundøy, gjennom Skatestraumen og segle inn til Rugsund frå nord. Synd at vi ikkje hadde vind. Det hadde vore ekstra kjekt å heist storseglet. Men skipper Olsen fekk likevel fart i «mannskapet» då han demonstrerte, ikkje berre ein, men fleire Kuvendingar. Tru kva forbipasserande tenkte då skuta gjekk i ring ut på fjorden?
Vel framme i Rugsundet tok ein representant frå Kystlaget Hornelen oss med på omvisning i Gulebuda (kystkultursenter). Vi fekk vere med på ei historisk reise inn i Rugsund si «glanstid» som handelsstad for inn- og utland.
Rugsund Handelsstad
På vestsida av Rugsundet ligg Rugsund Handelsstad. Staden har lange handelstradisjonar langt tilbake til 1600-talet. Her har dei drive handel, sildeslakteri, brennevinsutsal og gjestgjevarverksemd. Historia om Rugsund strekk seg endå lenger bak i tid. Staden er nemnt i Snorre Kongssaga, i striden mellom birkebeinarane og baglarane. I 1916 kjøpte familien Skaar eigedommen.
Dei nåverande eigarane Harald og Marie Skaar tok vel imot oss. Den lune og gode hamna ligg som ei perle mot den fine naturen. Plassen består i hovudsak av to store gule sjøbue, ein Landhandel og eit kvitmåla «herskapleg» hus. Alle bygningane ligg tett saman. Inne i Landhandelen/ Krambua handla vi over disk. Ein uvant tanke men ei fin oppleving å ta med seg.
Reisemålet nådd
Med Galeasen Svanhild ved kai i Rugsund vart ramma rundt den verneverdige kystperla heilt perfekt. Og vi sat igjen med mange gode minner og mykje lærdom frå sjø og land. Vi gjekk ei fin sommarnatt i møte, med lukt av tjære og ramsalt kyst kultur.
-
Galeasen Svanhild ved Rugsund Handelsstad Foto: privatcbn
- Florø-Rugsund-Florø
-
Ein leksjon i Sjøvett med Skipper Stein Arve Olsen
Foto: privatcbn
-
Vi nyter finværet men saknar vind i segla Foto: privatcbn
-
Fin utsikt! Foto: privatcbn
-
Her går det i spleising av tau Foto: privatcbn
-
«sjømannshusflid» med Bjørn Korneliussen som læremeister Foto: privatcbn
-
Kjekt å stå ved roret Foto: privatcbn
-
Vi fekk låne ein færing av Kyslaget Hornelen Foto: privatcbn
-
Ei fin sommarnatt på dekk Foto: privatcbn
På skuletur med Galeasen Svanhild av Margunn Eide Fjellestad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.