På nye stiar i Lifjorden

Utsikt mot Lifjorden frå stien mellom Risnes og Bjørnemyra
8. klasse ved Hyllestad Skule var onsdag 21.mai på tur i Lifjorden. Vi gjekk den nyrydda stien eit stykke oppe i lia, om lag midt mellom fjorden og bratthenget av Lifjellet. Ei flott ferd for både nybyrjar og vand fjellfarar, meiner vi.
Plassering i kart
Opptur frå Risnes
Vi starta frå Risnes om lag klokka 9.30. Lette regnbyer og litt nordavind skremde ingen, for dette var utflukta som skulle vise at 8. klasse lett kunne sleppast laus på større motbakkar og høgare fjell. Sjølv om nokre viste seg å vere litt skeptiske til trasking mellom busk og kratt ein heil skuledag, var turgjengen i humør godt over middels på heile ferda. Vi gjekk stien mot Risnesnipa frå Risnes. Etter vel halvtimen kom vi inn på nyestien til Bjørnemyra. Denne var skikkeleg godt merka med både band og skilt så her slapp vi tvila på om vi var på ville vegar.
På Bjørnemyra
Etter knapt halvannan time nådde vi Bjørnemyra. Lette regnbyer dempa ikkje matlysten, og kakao og ymse utgåver av Rett i koppen verka gunstig på alt som har med god tur å gjere.
Flott skilting
Då vi gjekk vidare på den nye stien, letta det opp, og det blei fint ver.
Etter Bjørnemyra, var det ganske ope terreng, og vi hadde god utsikt mot ein blikkstill Lifjord i fint maiver.
Det siste biten gjennom eit plantefelt, gjekk vi på ein traktorveg. Frå Lekva gjekk vi like godt vidare til Hyllestad og skulen.
Mykje ros vil vi gje til Egil Johannessen som har rydda denne fine turstien og merka han så godt.
Turen frå Risnes til Lekva gjer du unna på 2 – 4 timar alt etter kor god tid du har og kor mange pausar du ønskjer å leggje inn.
-
Utsikt mot Lifjorden frå stien mellom Risnes og Bjørnemyra Foto: Håkon Haukøycbn
- Vandrarane har kome til krysset mellom Nipestien og stien mot Bjørnemyra. Her kan ingen fara vill.
- Godt med ein pust i bakken, meiner Natalie.
- Ja, ja, så får vi berre vandre vidare då.
- Ein lita samling for å nyte utsikta eller berre ta eit bilete ?
- Gygrekjeften sett frå Lekva
- Små huldrer er ikkje sjeldan du møter når du ferdast i traktene kring Lifjellet
På nye stiar i Lifjorden av Jørgen Skivenesvåg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.