På kyrkjeferd til Kyrkjebø kyrkje
Heilt sidan 1200-talet har det stått kyrkjer på Kyrkjebø. Den første stod på Austreim, men rundt reformasjonen vart det bygd ei ny på Kyrkjebø. Kyrkja i dag er frå 1869. Mange måtte i båt når dei skulle til kyrkje. Det var ikkje heilt ufarleg.
Plassering i kart
Brukt i 800 år
Mange av tinga du ser i kyrkja i dag, var og inventar i dei to første kyrkjene. Den største av dei to kyrkjeklokkene i dag er frå 1200-talet og har innskrifta «Ave Maria gra tia plena». (Tyder «Ver helsa, Maria, du som er full av nåde.» Luk. 1,28) I våpenhuset står ei lita klokke som er like gamal. Desse klokkene har hengt i kyrkja på Austreim, og har i 800 år kalla folk til kyrkje. Triumfkrusifikset som i dag heng i framkant av koret, er og frå 1200-1250.
Frå 1600-talet
Døypefonten med messingfat og lysekruna som heng framme i skipet, er frå den første kyrkja på Kyrkjebø. Fleire gjenstandar frå denne kyrkja er i dag utstilt på Bergen historiske museum. Mange av skattane forsvann nok då den gamle Kyrkjebø kyrkje vart auksjonert vekk. Mykje av tømmeret enda til dømes som fjøs på Østerbø.
Kyrkjebø sokn
Søknaden til kyrkja var stor. Her fekk dei høyre Guds ord, men og nytt frå heile soknet. Folk kom til kyrkja heilt frå Vetlesand og Lånefjorden i aust, til Massneset og Torvund i vest. Også viksdølar kom til Kyrkjebø. Dei reiste over fjellet til Høyanger og så vidare i båt til Kyrkjebø. Dei kom laurdagen og fòr heim måndag. Først i 1882 kom det veg frå Klævold til Bergsvikja, noko som gjorde reisa lettare. Reisa kunne vere flott sommarsdagen. Om vinteren var nok reisa meir strabasiøs og heilt ufarleg var ho heller ikkje.
I glede og sorg
K.M.Måredal har fortalt om reiser frå Måredalen. Først måtte dei gå 1 time ned til fjorden, så var det å ro dei 2 færingane til Nordeidenaustet. Dette tok på gode dagar 1 time, i vestavind lenger. Herifrå gjekk dei ut til kyrkja, det tok ein time det òg. Det var gjerne preike ein gong i månaden, og enkelte drog kvar gong. Alle hadde eit forhold til kyrkja. Her vart ein døypt, konfirmert, gift og gravlagd.
Fagleg innhald
Å la elevane fantasere over korleis det var å leve før, er ein spanande innfallsvinkel i historieundervisninga. Korleis var det for 800 år, for 350 år eller for 50 år sidan? Ungane har gjerne sjølve eit forhold til t.d. krusifikset. For 800 år sidan sat det gjerne ein gut og såg på det same krusifikset. Kven var han og korleis levde han?
Korleis var det for folk frå Høyanger å reise til kyrkje rundt 1900? Skulle dei kanskje i bryllup? Eller kva med folk frå sørsida på vintersdagen?
Ein kan la elevane teikne, skrive eller lage digitale framføringar. Animasjonsfilm, Photo Story og Power Point er tre gode hjelpemiddel. Vil ein ha lyd til, kan ein til dømes bruke programmet Audacity.
- Kyrkjebåt på Høyangerfjorden, ca 1898.
- Kyrkjebø kyrkje, rett før 1910.
- Kyrkjebø kyrkje i dag.
- Kyrkjebøker ligg som digitale filer i digitalarkivet.
-
Lysekrune frå 1600-talet. Foto: Lise Berge Vollecbn
- Kyrkjebø sokn på det største.
- Kyrkjeferd frå Måren, her ved Nordeidenaustet.
-
I gamle kyrkjer hadde gjerne kvar gard sin stolestade. Her står det: 1662 Hans Larrissen og Marie Ellensdotter. Herren bevare din inngang og din utgang. Foto: Finn Trædalcbn
I 1851 kom det føringar om at kyrkjene i landet skulle kunne huse minst 1/3 av soknet sine innbyggjarar. Den gamle kyrkja romma 250 menneske, men det var for lite. Soknepresten på denne tida, Thomas Erichsen, føreslo at dei kunne bygge to nye kyrkjer, ei i Ortnevik og ei i Bjordal. Kommuneleiinga valte i staden å byggje ei ny kyrkje på Kyrkjebø med plass til 500. Bygdene på sørsida ville gjerne overta Kyrkjebø gamle kyrkje. Hadde dei fått det, hadde denne då over 350 år gamle kyrkje truleg stått enda. Kommunen vedtok i staden riving og delane vart auksjonerte vekk. Mykje av tømmeret vart til slutt fjøs på Østerbø.
På kyrkjeferd til Kyrkjebø kyrkje av Lise Berge Volle er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.