Sidemeny+

Over 70 år med metallfagskule i Førde

Posted on 14. mai 2008 by in Arbeidsliv

Foto: Magne Erikstadall-rights-reserved

Ny og gamal. Dreiebenken til høgre er frå ca 1960, men er framleis i drift

Etter privat initiativ og personleg innsats av Jørgen Neverdahl kom Førde Metallfagskule i gang i 1935 med 14 elevar. I dag er vidareføringa, Øyrane videregåande skule, ein skule med 6 programområde, 390 elevar og 120 tilsette

Plassering i kart

                                 15 år i uvisse 

 

Neverdahl hadde ei glødande interresse for faget, entusiasme, stort pågangsmot og som han sjølv skriv i ein søknad «føler det som ei stor uppgåve å arbeide for den praktiske utdanninga av den vakne og intelligente ungdom som veks upp» og var spesielt oppteken av at landsungdomen skulle få like vilkår til utdanning som byungdom. Neverdahl kjøper tomt på Hafstad og byggjer skulen for eigne midlar. Ein mursteinsbygning, på 160 kvadratmeter, i ei høgd står klar til opninga i 1935. Skulebygget inneheld maskinhall, teorirom, kontor, smie og utstillingsrom. For å oppretthalde drifta treng han tilskot og støtte frå stat, fylkesting, kommunen og medlemer i fylkesskulestyre. Problemet er at skulen ligg i Førde medan motarbeidande medlemer i fylkesskulestyre kjem frå andre fogderi. Dette medfører at skulen alt i 1936/37 og fleire gonger seinare ikkje får driftstilskot. Neverdahl trugar jamnleg å legge ned skulen, men gjer aldri alvor av det. Trass all motgang Neverdahl møter, opparbeider skulen godt rykte for  undervisningsopplegg og godt maskinutstyr. Einskilde år må opptil 70% av søkjarane avvisast. I tida 1935 -1950 var 20% av elevane frå andre fylke. Etter 15 års kamp for å overleve, overlet Neverdahl drifta av skulen til kommunen i 1950.

 

                        Utbygging-vekst-ny utbygging

 

Fram til 1960 er det kun to klassar, ein mekanisk verkstad og ein bilmekanikar. I åra frametter kjem tømrar, mur, snikkar, elektro og kjole og draktsaum.I tida 1961- 1966 får skulen nye bygg og i 1986 har skulen heile 28 klassar og driv dessutan mykje kursverksemd. Skulen vert for liten. Anten må skulen utvidast  eller det må byggast ny skule på Øyrane.

 

 

                Skule på Øyrane

 

Øyrane videregåande skule er eit resultat av samanslåing av Sogn og Fjordane husstellskule og Førde Yrkesskule i 1994. Skulen vart då samlokalisert i nye flotte bygg på Indre Øyrane. Saman med eit rikhaldig opplæringstilbod, dyktige tilsette og godt miljø ligg alt til rette for at elevane skal kunne trivast og få eit godt grunnlag for yrke, vidare studiar og samfunn forøvrig. Det som kan samanliknast med den gamle metallfagskulen kallar vi i dag programfag for teknikk og industriell produksjon. Avdelinga har totalt 96 elevar, av desse går 48 på første året, VG1. Der får elevane ei god innføring i grunnleggande teknikkar for sveising, lodding, skjæring og kapping til tilarbeiding med maskiner som dreiebenk, fres, bor og slipemaskin samt bruk av handverkty. I tillegg har elevane elektro, styringsteknikk, maskin og sveiseteori samt teikning. Mellom 10 og 18 timar per veke er praktisk utøving av  fag.Til samanlikning hadde elevane i 1936 , 8 mnd undervisning, med 43 timers praktisk og 10 timer teoretisk undervisning per veke. Sjå video frå dagens maskinverkstad. Vidare i opplæringsløpet kan elevane velje fleire retningar. Av desse tilbyr avdelinga tre vidaregåande kurs, VG2, produksjon og industriteknikk, transport og logistikk og køyrety.

 

 

 

Nyttige lenkjer;

 

Øyrane videregåande skule

 

NRK-fylkesleksikon

 

 

CC BY-NC 4.0 Over 70 år med metallfagskule i Førde av Magne Olav Erikstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Magne Erikstad, 2008
Klassetrinn: grunnskule, videregåande
Kjelder: Nrk-fylkesleksikon Djupedal,Torkjell - Førde, kulturhistorisk vegvisar 1998 Jubileumsskrift , Førde Yrkesskule 50 år Øyrane videregåande skule
Kommune: Øyrane