Øystølshaugane i Jordalen

Denne tufta ligg ved ein liten bergknaus og er heilt attvaksen med lyng. Likevel er det lett å sjå spora etter dei fire murane.
Stølen ligg på Øystølshaugen, på høgre sida av vegen ned til Nestedalen, 884 moh.
Plassering i kart
Denne stølen er nedlagd før 1850. Det er framleis spor etter fleire tufter her. Fire tufter er godt synlege, men det er også spor etter fleire.
-
Denne tufta ligg ved ein liten bergknaus og er heilt attvaksen med lyng. Likevel er det lett å sjå spora etter dei fire murane. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Me ser selmurar midt på biletet. Litt lenger bak på ei lita forhøging ligg det ei anna tuft, og ved knausen lengst bak ligg endå ei. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Dette ser ut som det har vore to bygningar med felles langvegg. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Bak selmurane stig Prestnosi opp Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
Øystølshaugane i Jordalen av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.