Sidemeny+

Nytt liv i gamle rom – Sivlebiblioteket på Fretheim Hotel

Posted on 7. mai 2008 by in Pedagogikk

Foto: S R Aasencbn

Sivlebiblioteket

Per Sivle vart fødd i Flåm 6. april 1857. Sivlebiblioteket vart høgtideleg opna 21. april 2007, nokså nær 150 år seinare. Sivlebiblioteket skal vera eit vindauge for nynorsk kultur og aktivitet. Det vil verta verdas første og førebels einaste nynorske bibliotek som er plassert på eit hotell og som er tilgjengeleg for tilreisande og allmennheita. Dette står å lesa i hotellet sin eigen omtale av biblioteket.

Plassering i kart

Bakgrunn
Vertskapet på Fretheim Hotel ynskte å få nytt liv i 3. etasje i den eldste delen av hotellet. Denne fløyen var ein del av den såkalla Engelskvillaen som vart bygd i 1870-åra, og romma her hadde stått ubrukte ei god stund. Dei brukte ei tid på å vurdera ulike alternativ. Hovudfilosofien har gått på å skapa ein stad der ein kan trekkja seg tilbake og finna ro og fred samstundes som ein kan utvikla seg fagleg dersom ein søkjer det.

Kvifor Sivlebiblioteket?
Namnet, Sivlebiblioteket, kom eit stykke ut i prosessen. Vertskapet ynskte eit namn med lokal tilknyting. Per Sivle vart fødd i Flåm, mykje av diktinga hans er på nynorsk, og han var jamvel i slekt med familien som som starta og bygde opp hotelldrifta på Fretheim. Det fall difor nokså naturleg å heidra Sivle med å bruka namnet hans. Det høvde sjølvsagt særleg godt sidan opninga fall saman med markeringa av at det var 150 år sidan han vart fødd.

Særpreg og atmosfære
Det har vore eit stort poeng å ta vare på mest mogeleg av det opprinnelege og særprega for hotelldelen både når det gjeld interiør og inventar. Her er fleire rom og mange «lesekrokar», der ein kan sitja fredeleg og skjerma i dei tradisjonsrike møblane. Mange av desse er originale frå den tidlege drifta på hotellet, og dei er samvitsfullt oppussa i tidsrett stil.

Nynorsk
Det er lagt særleg vekt på å profilera den nynorske kulturarven. Biblioteket inneheld fleire tusen bøker frå mange ulike sjangrar, alle utgjevene eller oversette til nynorsk. Hotellet har bl.a. inngått eit samarbeid med Det Norske Samlaget. Birgitta Sandstrøm (hotelldirektør) kan fortelja at ideen til Sivlebiblioteket nærast vart fødd saman med tanken om å skipa til det årlege arrangementet «Nynorske Litteraturdagar» i Flåm. Desse har òg hovudbase på Fretheim Hotel, og skal vera eit årleg høgdepunkt i biblioteket.

Skuleklassar særskilt velkomne
Vertskapet på Fretheim ynskjer gjerne at skuleklassar kjem og brukar Sivlebiblioteket. Her finn me oversiktleg informasjon om livet og diktinga til forfattaren Per Sivle og sjølvsagt tilgjengeleg litteratur av og om han. I tillegg er her eit rikhaldig utval av nynorsk fag- og skjønnlitteratur både for born og vaksne. Ein kan låna bøker med seg heim eller sitja her og lesa. Oppe på hemsen er eit rom fullt av puter og teppe, der ein retteleg kan kroa seg saman med ei god bok. Når me på Flåm skule har vore på besøk, har det til og med hendt at me har fått servering av vertskapet sjølve. Og dei har tolmodig vist oss rundt, og fortalt oss om både Sivle og korleis biblioteket har vorte til.

CC BY-NC 4.0 Nytt liv i gamle rom – Sivlebiblioteket på Fretheim Hotel av Solveig Roti Aasen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solveig Roti Aasen 2008
Kjelder: Birgitta Sandstrøm Fretheim Hotel sine nettsider
Kommune: Flåm