Sidemeny+

Nedstedalen i Jordalen

Posted on 6. mai 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Nestedalen med Stovefjellet. Bak til venstre kan me skimta Øvstedalsvatnet.

Jordalen har vore sams støl for dei eldre gardane i Fresvik. Denne fjellstølen er delt i to, Øvstedalen og Nedstedalen som ligg 3-4 km frå kvarandre.

Plassering i kart

I fylgje bygdeboka for Leikanger er det mykje truleg at stølane ikkje er likt gamle. Truleg er Nedstedalen eldst, sjølv om denne stølsgrenda ligg lenger frå Fresvik enn Øvstedalen. Nedstedalen ligg ca 100m lægre enn Øvstedalen, så det vart nok noko tidlegare bue her om våren, og det ville vera ein stor fordel i fôr-knappe år. Truleg har difor Nedstedalen først vorte busett, men etter kvart som stølen fyltest opp, har nokre gardar sett opp sel i Øvstedalen og på den måten utnytta beita betre. Kven hadde sel i Nedstedalen?. I stølsregistreringa i 1935 hadde fylgjande bruk sel i Nedstedalen: Skau gnr 38 bnr 1, Sjurgarden gnr 40 bnr 1 og bnr 3, Bøtun bnr 15-16, Høgheim gnr 41 bnr 4, Flæte gnr 42 bnr 1 og bnr 2, Otterhjell gnr 43 bnr 1 og bnr 2, Tretteteig gnr 46 bnr 1, Hov gnr 49 bnr 1, bnr 3, bnr 7, bnr 10 og bnr 11. Dette skulle då bli 16 sel. I eldre tid har det vore endå fleire sel i Nestedalen. Me veit at Haukaneset hadde sel i Jordalen, men dette blei rive før 1900. Øyri har også hatt steinsel i Nedstedalen, men dette var før 1900. Hermund O Hatlelid skulle byggja seg sel på Grindahaugen ovanom dei andre sela i 1914, men han og sonen miste livet i ei snøskrede på veg til Jordalen. Så dette selet blei ikkje oppsett, men murane viser godt framleis. Øvre Hatlelid hadde sel nedom Skinteigselet. På Johanshaugen nedom Nestedalen har Ivarli hatt mursel og Bøtungarden flytte og selet ned her, men det var berre for ein kortare periode. Selet blei flytt oppatt til den gamle selbøen. Det blir nemnt at skredfare kunne vera grunnen til at dei flytte oppatt, andre seier at beista ville ikkje stoppa her nede, og difor flytte dei attende. No er det ein del nye sel i Nedstedalen: Ester Flæte, Nesheim (Breilid), Bruavoll, Skau, Øyri, Flæte og Nesta-Hov har sett opp nye sel. Fleire av dei andre sela er restaurerte. Transport av bygningsmaterialar. Det var mykje arbeid å få materialane ut til Jordalen. På skareføre køyrde dei bord og tømmerstokkar like frå Fresvikåsen til Jordalen over Langafjellet. Men dei køyrde også materialar gjennom Tundalen, opp Bratta og over Rupeskar på sommarstid. Dette var eit slit både for mann og hest. Sjølvsagt kunne dei ikkje bruka vanlege køyrereidskap. I staden la dei ein planke nedst og så la dei bord eller plankar oppå den att og nagla dei fast, laga så eit godt handtak til køyrekaren, og så bar det av garde, 3 mil på den steinete stølsvegen der dei måtte opp på over 1300m før det bar nedover mot stølane. Dette var like tungt for mannen som for hesten, i kvar einaste sving måtte køyrekaren ta i handtaket og lyfta og svinga lasset til side for å komma vidare. Torving. Sidan det ikkje var ved i Jordalen, måtte torv nyttast til brensel. Fjorten dagar før bufaringa reiste karane ut på torving, som regel rundt jonsok. Dei måtte noko ned i myrane for å finna god brenntorv, mosetorvi var ikkje brukbar. Torvi skar dei opp i terningar med torvspaden, kasta dei så opp frå torvholene og skar dei opp i tynne skiver som dei la utover til tørk. No var det viktig at det var godver og god tørke, var veret usikkert kunne det bli ein ekstratur ut før bufaringa for å få torva i hus. Bufaring. Tidleg i juli reiste dei med geiter og kyr til Jordalen. Ein rekna med at ein skulle vera rundt 8 veker på fjellstølen. Sauene var og på sommarbeite i Jordalen. I eldre tid beita dei seg fram Tundalen og så fort ver og snø tillet det, trekte dei over fjellet. Ofte kunne dei bli stogga av snøen i Bratta og beiti i Tundalen kunne bli temmeleg snaugnagne. Seinare tok ein til å jaga sauene over fjellet om våren. I dag har bøndene dyrevogn så både sauer og kyr blir køyrde til fjells. Tidspunktet for bufaringa heimatt kunne variera litt, sjølv om det frå gammalt blei sagt at ein skulle bufara heim 4 veker før Mikkelsmess som er den 29. september. Sauejaget var som regel vel ei veke etterpå. For at dyra i Øvstedalen og Nedstedalen ikkje skulle blanda seg, jaga dei på ulike dagar. Fredag vår og haust skulle folka i Øvstedalen bufara, medan laurdag var bufaredagen til nedstedølene. Avdrott. Avdrotten blei kløvja på hesteryggen heimatt til Fresvik. Men ofte vart det til at kløvjakaren tok ein smørball eller nokre ostar på ryggen sjølv, så ikkje det skulle bli for tungt for hesten. Som regel fylte dei kløvjakassane med ved når dei drog frå Fresvik, det var alltid godt å ha litt småved til å fyra opp under kjelen med i tillegg til torva. Det kunne nok variera noko kor ofte bøndene var i Jordalen, men fleire var ute dit ein tur i veka. Harald Breilid som støla i Jordalen i mange år fortel at ein sommar var han der ute 18 gonger. Bru over elva. For å nytta ut beita i heile dalen, var det viktig å bruka begge sider av elva. Men elva ned gjennom dalen var ofte både stor og strid, og ein var avhengig av ei god bru for at folk og dyr trygt skulle komma over. Difor hadde dei i Nedstedalen ei stokkebru. Det var 7 stokkar som var nedlagde til bru, pluss ein stokk som alltid skulle vera i reserve. Det var ikkje lettvint å transportera desse stokkane den lange vegen til stølen, og difor blei plikta til å halda stokkar delt mellom gardane slik at ein eller to gardar hadde ansvar for kvar sin stokk. I flaumen i 1938 vart brua teken. Ho vart sett oppatt, og då blei det brukt to tolv meter lange jernbjelkar i staden for stokkar. Bjelkane vart frakta ut over fjellet med hestar. Rundt 1970 vart brua teken av is. Etter ein del år bestemte ein seg for å få opp ny bru. No støypte ein nytt kjer på austsida, forbetra det gamle kjeret på vestsida og heva også kjera ein del. Dei to jernbjelkane klarte ein å retta ut og bruka oppatt. Denne brua blir framleis nytta. Veg til Jordalen. På slutten av 60-talet vart det bygd anleggsveg opp til Jordalen i samband med vasskraftutbyggjinga. Då Fresvik fekk vegsamband i 1976 førde dette til at det blei lettare å vedlikehalda stølshusa, og i dag er det både fleire nye sel og godt vedlikehaldne eldre bygningar i Jordalen. Vegen førde også til at det blei lettare å nytta ut beita i Jordalen. På den tida vart dalen mest berre nytta til sauebeite. I dag er det fellesstøl for kyr nede i Nåsi, og dei gode beita oppover i dalen blir nytta både av sauer og kyr. Transporten av dyra skjer no med dyrevogner, berre sauene blir framleis drivne heim over fjellet om hausten.

CC BY-NC 4.0 Nedstedalen i Jordalen av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2007
Kjelder: Bygdebok for Leikanger, bind II Stølsregistreriga av 1935 Pridla nr 1-1996: Kjell Bergfjord: Tradisjon og fornying i stølsdrifta. Pridla nr 2-1999: Veg til Jordalen aukar produksjonsgrunnlaget for bøndene (Sogn og Fjordane 1954)
Kommune: Nedstedalen Fresvik